Budstikka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Avisnamnet Budstikke kan òg referere til Romsdals Budstikke eller Søgne og Songdalen Budstikke.

Budstikka (tidlegare: Asker og Bærums Budstikke) er ei dagsavis som kjem ut på Billingstad i Asker kommune i Akershus. Avisa vert utgjeven måndag til laurdag, og er ei lokalavis for Asker og Bærum kommunar. Den redaksjonelle profilen er «uavhengig konservativ».

Asker og Bærums Budstikke, som hausten 2004 endra namnet til Budstikka, blei grunnlagt i Sandvika i Bærum i 1898 av boktrykkjar og redaktør Jørgen Kanitz. Avisa la om til tabloidformat 1. mars 2002. Laurdagsavisa kom ut første gong 17. februar 1996, som tabloid i tre utgåver, ei for kvart av distrikta Asker, vestre Bærum og austre Bærum.

Utgjevarselskapet heiter framleis Asker og Bærums Budstikke ASA, og er no organisert som eit konsern som gjev ut papiravisa Budstikka og nettavisa Budstikka.no, og driv lokal-TV-stasjonen TV.Budstikka.

I 2001 planla avisselskapet å etablere ei ny riksdekkjande sportsvekeavis, men desse planane blei seinare lagt vekk.

Avisa kallar seg sjølv for Noregs største lokalavis.

Redaktørar[endre | endre wikiteksten]

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag
2004 30 915
2005 30 427
2006 29 439
2007 29 660
2008 28 264
2009 27 174
2010 26 230

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.
Spire Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.