Bunden rotasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Månen i venstre figur er rotasjonelt bunden og viser same sida mot planeten heile tida. Månen i høgre figur roterer ikkje i det heile, og viser dimed gradvis fram heile yta si til planeten.

Bunden rotasjon tyder at ein himmellekam som går i bane rundt ein annan roterer éin gong per omløp. Eitt omløp i banen tar akkurat like lang tid som den omløpande lekamen roterer rundt sin eigen akse. Derfor vil det alltid vera éi side av lekamen (som går i bane rundt den andre) som er vend mot den andre lekamen.

Månen har bunden rotasjon til Jorda. Dei fleste andre månane i solsystemet har au bunden rotasjon på grunn av tidevasskrefter.

Sjå au[endre | endre wikiteksten]