Caño Limón

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Caño Limón er eit oljefeltLlanos i kommunane Arauca og Arauquita i Arauca-departementet i Colombia, nær grensa mot delstaten Apure i Venezuela. Caño Limón er del av eit geologisk område med petroleumsressursar som vert utforska under namnet Llanosbassenget. Caño Limón-Coveñas røyret er namnet på røyrleidningen som ligg i ei lengd på 780 kilometer til Coveñas på kysten sør for Cartagena.

Økonomi og interessentar[endre | endre wikiteksten]

Det colombianske statsoljeselskapet Ecopetrol og det USA-amerikanske selskapet Occidental Petroleum Inc. driv både feltet, røyrleidningen og utskipingsterminalen saman. Occidental er feltoperatør og Ecopetrol er operatør for røyrleidningen. Pr. 2007 er årleg produksjon 35  millionar fat som svarar til ein rate på 96 000 fat pr dag. I 1999 låg dagsproduksjonen på 125 000 fat. I 2002 var sikre reservar 170 millionar fat med eit potensiale for 300 millionar fat. Eigarrettane til prosjektet er delt mellom Ecopetrol (50 %), Occidental Petroleum (43,75 %) og Repsol (6,25 %), tal frå 2002. Ca. 85 % av bruttoinntekta frå prosjektet går til den colombianske regjeringa i form av skattar og avgifter.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Oljeproduksjonen tok til på Caño Limón-feltet i 1985. Det colombianske instituttet for naturressursar INDERENA kritiserte prosjektet fleire gongar for manglande omsyn til miljøet. I 1988 fann dei at operatøren ikkje hadde gjort naudsynte tiltak for å førebyggje miljøskadar. I 1992 gjorde dei studiar av vassprøvar som synte funn av høge konsentrasjonar av tungmetall og polysykliske aromatiske hydrokarbon. Dei uttala .. utslepp frå Caño Limón ureinar elvar og innsjøar i område slik at dei ikkje lenger kan vere drikkevasskjelder for menneske.

Sabotasje og geriljaåtak[endre | endre wikiteksten]

Ulike geriljaorganisasjonar som kjempar mot regjeringa i landet har ofte åtaka røyrleidningen. Ejército de Liberación Nacional ELN har tradisjonelt vore involvert i slike åtak og klagar i eit kommuniké i landet vårt prioriterer ikkje energipolitikken investeringar, men i staden utnyttar, konsumerer og ofrar han kommande generasjonar. Saman med FARC har ELN stadig sabotert og sprengt i stykkar delar av røyret.

Som eit svar på desse handlingane har regjeringa militarisert område langs røyrleidningen. Ho har dessutan lagt på ein tryggleiksskatt på oljeprodusentane i område. Produsentane har òg vorte mål for utpressingar og kidnappingar frå geriljaen. Occidental Petroleum har hyra tryggleiksselskapet AirScan for å stø dei colombianske militære i å forsvare drifta av røyret og oljefeltet.

Åtak på oljerøyrleidningen, 2001-2004[2]
2001 2002 2003 2004
Alle røyr 263 74 179 103
Caño Limón-Coveñas 170 41 34 17

I 2001 var røyrleidningen ute av drift i 266 dagar gjennom året grunna til saman 170 bombeåtak på røyret. Regjeringa rekna at desse bombeåtaka teoretisk reduserte bruttonasjonalproduktet BNP for Colombia med 0,5 %. Utslepp av råolje til naturen som følgje av åtaka var i 2001 på 400 000 fat, akkumulert spill i perioden 1986 til 2001 er ca. 11 millionar fat.

Occidental Petroleum dreiv lobbyverksemd og vitna for å oppnå auka involvering frå regjeringa i USA for å tryggje røyrleidningen. USA svara i 2003 med å gje Colombia USD 98 millionar som eit tilskot til forsvaret av røyret. Dei etterføljande åra har frekvensen på åtak stadig gått attende.

Santo Domingo bombing[endre | endre wikiteksten]

Ved eit mistak identifiserte AirScan landsbyen Santo Domingo som eit geriljamål, noko som førte til at dei colombianske regjeringsstyrkane brukte klasebomber mot landsbyen den 13. desember og drap atten sivile, av dei ni barn. Hendinga sette i gang ulike søksmål mot involverte partar, somme er ikkje avslutta enda i 2007.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde for dette avsnittet er brevet frå United States Department of States til Kongressen, desember 2002, opplysing om dagens produksjonsrate frå Oil and Gas Journal
  2. Forsvarsdepartementet, regjeringa i Colombia. PDF-fil

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]