Calderonebreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Calderonebreen er den sørlegaste breen i Europa, her frå juli 2007. Breen smeltar raskt og vil truleg forsvinne innan 10-15 år.

Calderonebreen (italiensk Ghiacciaio del Calderone) er ein isbre i Gran Sasso d’Italia i Abruzzo i Italia, like nedanfor Corno Grande, den høgaste toppen i Apenninane.

Då Corral de la Veleta-breen (37° N) i Sierra Nevada i Spania forsvann i 1913 vart «Il Calderone» den sørlegaste isbreen i Europa (42°28′N 13°33′EKoordinatar: 42°28′N 13°33′E). I dag trekk breen seg tilbake og om smelteprossessen held fram som i dag vil breen forsvinne heilt innan 10-15 år.

I 1794 vart volumet til Calderonebreen estimert til over 4 millionar kubikkmeter, i 1916 hadde volumet minka til 3,3 millionar kubikkmeter og i 1990 til 360 931 kubikkmeter. I 1998 varsla italienske breforskarar at Caldronebreen kom til å forsvinne heilt innan nokre tiår.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Guido Visconti, M. Beniston, Emilio D. Iannorelli og Diego Barba (2001) Global Change and Protected Areas (Advances in Global Change Research), s. 425-435 – Kluwer Academic Publishers, New York. ISBN 0-7923-6918-1.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]