Cambridge på New Zealand
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Cambridge | ||
|---|---|---|
| Land: |
||
| Region: Waikato | ||
| Folketal | (2006) | 15 192 |
| Distriktsstyre | Namn | Waipa Territorial Authority |
| Regionstyre | Namn | Waikato Regional Council |
| Heimeside: http://www.cambridge.govt.nz/ Folketal ved folketeljinga i 2006 Kjelde: Statistics New Zealand |
||
Cambridge er ein by i regionen Waikato på Nordøya på New Zealand. Han ligg 24 km søraust for Hamilton, på breiddene til elva Waikato River. Byen er kjend som «Byen med trea». Med eit folketal på 15 192 ved folketeljinga i 2006,[1] er han den største byen i distriktet Waipa, og han er i jamn og snøgg vekst.
Byen er no mest kjend for avl av fullblodshestar, og mange vinnarar av veddeløps- og sprangridingstevlingar kjem herfrå.
Referansar[endre]
- ↑ Demographic Trends 2006 (pdf).
- A. W. Reed (2000) The Reed Dictionary of New Zealand Place Names – Reed Books, Auckland. ISBN 0-7900-0761-4.
Bakgrunnsstoff[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Cambridge på New Zealand» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juni 2008.