Cape Ann i Enderby Land

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 66°10′S 51°22′E
Cape Ann i Enderby Land
nes
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Enderby Land
 - koordinatar 66°10′S 51°22′E
Administrert under Antarktistraktaten
Cape Ann i Enderby Land is located in Antarktis
Cape Ann i Enderby Land (Antarktis)

Cape Ann er eit nes på kysten av Aust-Antarktis, nedanfor Mount Biscoe på 700 moh.

Det vart først fotografert frå lufta i desember 1929 i løpet av den første Norvegia-ekspedisjonen leia av oppdagar og flygar Hjalmar Riiser-Larsen. Mindre enn ein månad seinare, fotograferte British Australian New Zealand Antarctic Research Expedition leia av Douglas Mawson neset frå skipet deira «Discovery» (skipet som Robert Falcon Scott nytta for den første Antarktis-ekspedisjonen sin i 1901-1904). Begge ekspedisjonane konkluderte med at neset og fjellet var det same som John Biscoe såg i februar og mars 1831 under ekspedisjonen hans og som han kalla Cape Ann, truleg etter kona til Biscoe. Mawson foreslo at neset kunne få halde namnet Cape Ann og at fjellet kunne kallast Mount Biscoe.

Fjellet har ein særeigen spiss, svart tind. Posisjonen vart endeleg fastsett av ANARE i 1957.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Cape Ann i Enderby Land» (innhald frå Geographic Names Information System).