Robert Falcon Scott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Robert Falcon Scott.

Robert Falcon Scott (6. juni 186829. mars 1912) var offiser i den britiske marinen og ein oppdagar som leia to ekspedisjonar til Antarktis: Først Discovery-ekspedisjonen, og seinare Terra Nova-ekspedisjonen. På den siste ekspedisjonen leia Scott ei gruppe på fem til Sørpolen, som dei nådde 17 januar 1912. På tilbaketuren omkom Scott og dei fire andre som følgje av utmatting, svolt og kulde. Før han byrja på polarekspedisjonen hadde Scott følgd ei konvensjonell karriere som marineoffiser i fredstid utan å nå så langt som han ynskte. Ambisjonar fekk han til å gå over til utforskinga av Antarktis, noko han brukte dei siste tjue åra sine til.

Meldinga om at Scott var død gjorde han til ein britisk helt, ein status som heldt seg i meir enn femti år. Mot slutten av det 20. hundreåret vart statusen meir kontroversiell etter som ekspedisjonane hans vart omskrivne og diskuterte. Kommentatorar i det 21. hundreåret har likevel mest positivt å seie om Scott, og ser på skjebnen til den siste ekspedisjonen som resultat av uheldige omstende.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]