Cape Cod

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cape Cod og kystlinja til Massachusetts og Rhode Island.

Cape Cod (1033 km²) er ein odde som utgjer den austlegaste delen av delstaten Massachusetts i USA. Namnet «Cape Cod» kan visa til odden ytst på halvøya han er ein del av, eller heile halvøya. Halvøya er i røynda omforma til ei stor øy av Cape Cod-kanalen, som blei fullført i 1914.

Halvøya utgjer fylket Barnstable County. Dette er delt inn i femten town-område med fleire tettstader.

Det går to bilbruer over Cape Cod-kanalen: Sagamore Bridge og Bourne Bridge. Jernbanebrua Cape Cod Canal Railroad Bridge fraktar gods og eit mindre tal passasjerar over til Cape Cod.

Tradisjonelle næringsvegar på Cape Cod er handel, fiske og kvalfangst, men turisme er blitt stadig viktigare. Cape Cod er ein viktig sommarturiststad med ei rekkje badestader og ferjesamband til øyane Martha's Vineyard og Nantucket. Odden og øyane i nærleiken er mellom anna kjende for å tiltrekka seg mange rike, mektige eller kjende personar, som Kennedy- og Forbes-familien. Mange av dei mindre øyane er i privat eige.

Cape Cod var opphavleg folkesett av wampanoagfolk, som dreiv med jordbruk, jakt og fiske. Staden blei vitja av dei europeiske oppdagarane Giovanni da Verrazzano i 1524, Estêvão Gomes i 1525 og Bartholomew Gosnold, som gav odden namnet Cape Cod, i 1602. Det er også blitt spekulert i om staden var Vinland-odden sett av vikingar, men det er ikkje funne prov for dette.

Småbåthamn på Cape Cod.

Provincetown ytst på Cape Cod er staden der pilgrimsfedrane gjekk i land i 1620. Dei fekk hjelp til å overleva av lokale innfødde. Kolonistane tok gradvis over området gjennom kjøp og ekspropriasjon. Kolonistane hogde og brann ned tre slik at halvøya mista skog, og dette saman med innført europeisk jordbruk i staden for dei tradisjonelle avlingane av mais, bønner og graskar førte til tapa av jordsmonn og sandspreiing. Jordbruket gjekk tilbake frå midten av 1800-talet, då vestlege område i USA blei tilgjengelege for nybyggjarar, og skogen tok seg etterkvart opp att.

Mot slutten av 1800-talet byrja rikfolk frå Boston å vitja halvøya om sommaren. Guglielmo Marconi utførte den første trådlause radiooverføringa over Atlanterhavet frå USA frå Wellfleet på Cape Cod i 1901. Stranda under klippa han sende frå er kalla Marconi Beach til minne om dette. I 1914 byrja Marconi byggja ein transatlantisk mottakarsjon i Chatham og ein sendestasjon i Marion.

I 1961 skapte president John F. Kennedy eit naturreservat, Cape Cod National Seashore, av fleire av dei austvende sandstrendene som var planlagd utbygde.

I 1966 blei det reist eit minnesmerke over president John F. Kennedy i Hyannis. Byen har også eit museum vigd presidenten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Cape Cod