Guglielmo Marconi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Guglielmo Marconi i 1908.

Guglielmo Marconi (25. april 187420. juli 1937) var ein italiensk fysikar og ingeniør. Han var ein pioner innan trådlaus telekommunikasjon, og fekk Nobelprisen i fysikk i 1909. Marconi sitt arbeid var særleg viktig for kringkastingsteknikk.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Guglielmo Marconi vart fødd i Bologna som andre son til den italienske landeigaren Giuseppe Marconi og den irske kona Annie Jameson. Han gjekk på privatskule i Bologna, Firenze og i Livorno. Han studerte ved Universitetet i Bologna. Allereie i ungdomen interesserte han seg for vitskapar knytt til fysikk og elektrisitet. Han studerte arbeida til James Clerk Maxwell, Heinrich Hertz, Righi, Lodge og andre.

Oppfinningar[endre | endre wikiteksten]

Frå 1890 arbeidde Marconi med trådlaus telegrafi. I 1895 byrja han med eksperiment heime på garden til faren. Han greidde å utvikla eit apparat som ein kunne senda trådlause signal med. Rekkevidda var kring tre kilometer.

Han tok patent på systemet sitt i Storbritannia, med britisk patent nummer 12039. I 1897 grunnla han føretaket Marconi’s Wireless Telegraph Company Ltd. med hovudkontor i London. Den 12. desember 1901 lukkast den fyrste transatlantiske trådlause overføringa. I 1909 fekk Marconi Nobelprisen i fysikk. Seinare arbeidde han med korleis ein kunne nytta kortbølgjer og mikrobølgjer. Han døydde den 20. juli 1937 i Roma.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]