Mais

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Mais

Koeh-283.jpg

Systematikk
Rike: Plantar
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Liliopsida
Orden: Poales
Familie: Poaceae
Slekt: Zea
Vitskapleg namn
Zea mays

Mais (latin Zea mays) er eit eittårig, opp til 6 m høgt kornslag i grasfamilien. Hoblomstane blir etter kvart danna om til maiskolbar.

Ulike maiskolbar i Peru.

Det finst eit tusental maissortar som vert dyrka under ulike føresetnadar og til ulike føremål. På verdsbasis er mais det viktigaste kornslaget, etterfølgd av kveite og ris.

Innhaldsliste

[endre] Skildring

Hoblom av mais under utvikling av kjernar.

Maisplanten er eittårig og kan bli opptil 6 meter. Ulikt dei fleste andre artane i grasfamilien set maisen vanlegvis bare ein eller to stenglar. Hannblomane sit i toppen av planten, medan honblomane veks fram i bladhjørna lenger nede på planten. Modninga tek rundt 100-120 dagar.

Frøa til planten blir danna i kolbane i ho-organet, og hoblomane blir etter kvart omdanna til maiskolbar. Maiskolben består av tettpakka gule kjernar som veks rundt ein stokk, og ytst har han grøne blad. Etter hausting blir sukkeret i maisen omdanna til stivelse. Mais har derfor høgt innhald av karbohydratar, men inneheld også mineral og protein.

[endre] Typar

Dei mange ulike typane av mais er eigna til ulike bruksområde. Dei er kjende under engelske namn og nokre gonger klassifiserte som underartar eller varietetar. Nokre av desse er:

  • Flour corn (Zea mays var. amylacea) inneheld mykje mjølaktig stive
  • Popcorn (Zea mays var. everta) har harde, små korn som opnar seg med eit «popp» om ein varmer dei opp
  • Dent corn (Zea mays var. indentata) med lange kolbar og lange korn
  • Flint corn (Zea mays var. indurata) har mindre kolbar med harde, små korn
  • Sweet corn (Zea mays var. saccharata and Zea mays var. rugosa) har mjuke, søte korn og lite stive
  • Waxy corn (Zea mays var. ceratina) har vaksaktige korn
  • Amylomaize (Zea mays), inneheld mykje amylosestive
  • Pod corn (Zea mays var. tunicata Larrañaga ex A. St. Hil.)
  • Striped maize (Zea mays var. japonica)

Mais er eit eittårig kornslag som vert opptil 6 m høgt. Ulikt de fleste andre artar i grasfamilien sit maisen vanlegvis berre ein eller to stengler. Hannblomane sit i toppen av planten, mens hoblomane veks fram i bladhjørna lenger ned på planten. Frøa vert danna i kolbane i det hunnlige organet, og hoblomane vert etter kvart omdanna til maiskolber. Maiskolben består av tettpakka gule kjerner som veks rundt ein stokk, og ytterst har den grøne blad. Etter haustinga omdannast sukkeret i mais til stivelse. Mais har derfor eit høgt innhald av karbohydrater, men inneheld og noko mineraler og protein. Det fins eit tusental maissortar som dyrkast under ulike betingelsar og til ulike formål. På verdensbasis er mais det viktigaste kornslaget, målt i hausta mengde, etterfulgt av kveite og ris.

Historie

Mais vart for fyrste gong dyrka i Mexico ca. 3 500 f.Kr., og frå ca. 1 000 f.Kr. bredte maisdyrkinga seg over det meste av det området som i dag omfattar USA, Canada, Karibia, Mellom- og Sør-Amerika. Hovudområda for dyrkinga i dag er USA, Kina, Sør-Afrika og Øst-Europa. Også i Noreg er det og noke produksjon av mais, men lite av det her går gjennom varehandelen. I Italia brukast mais til polenta, i Mexico til tortilla. cornflakes og popkorn er laga av mais. Varianter Ein variant av mais er minimais. Dette er ein uutvikla mais som ikkje har fått fram den treaktige stokken i midten av kolben.

[endre] Historie

Mais blei først dyrka som matplante i Sentral-Amerika for rundt 7 500-12 000 år sidan. Etter rundt 1500 f.Kr. spreidde han seg til store delar av Amerika, og blei basiskost i dei fleste kulturar, som vidareutvikla planten og bruken av han. Mais blei særs viktig for dei mesoamerikanske sivilasjonane, og var ofte del av religionane deira.

Etter at Columbus kom til Amerika blei maisen teke tilbake til Europa, der han er blitt dyrka sidan 1500-talet. I dag dyrker ein mais i tropisk, subtropisk og tempererert klima i dei fleste delar av verda. Dei viktigaste dyrkingsområda er USA, Kina, Sør-Afrika og Aust-Europa.

[endre] Bruk

Maiskolbar som ikkje er heilt mogne kan kokast, grillast eller bakast og etast. Dei kan også brukast til fôr. Ferdig mogna mais er turrare, og kan omarbeidast til maismjøl, corn flakes eller popcorn. Mais blir mellom anna brukt til å laga meksikansk tortilla og nachos og italiensk polenta.

Svært unge frukter som ikkje har utvikla den treaktige stokken i midten er kjend som baby- eller minimais.

[endre] Kjelder

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.