John F. Kennedy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John Fitzgerald Kennedy
John Fitzgerald Kennedy.png
President i USA
Regjeringstid 20. januar 196122. november 1963
Fødd 29. mai 1917 i Brookline i Massachusetts
Død 22. november 1963 i Dallas i Texas
Føregjengar Dwight D. Eisenhower
Gift med Jacqueline Bouvier Kennedy

John Fitzgerald Kennedy (29. mai 191722. november 1963), òg kalla «JFK» eller «Jack» Kennedy, var ein amerikansk politikar for det demokratiske partiet i USA) og president i USA frå 1961 til 1963. Han var nummer 35 i rekkja over presidentar og den første katolske presidenten i landet. John F. Kennedy vart drepen i eit attentat.

John F. Kennedy var fødd i Brookline i Massachusetts i USA. Han var son av Joseph Kennedy og bror til Robert Kennedy og Edward Kennedy. Han gifta seg med Jacqueline Bouvier Kennedy den 12. september 1953.

Presidenten vart drepen under ei offisiell vitjing til Dallas i Texas den 22. november 1963). I høve granskingskommisjonen etter mordet, den såkalla Warrenkommisjonen, var han myrda av Lee Harvey Oswald. Oswald skal ha skote fleire skot mot Kennedy frå eit bygg i Dallas. Andre granskarar har kome til at fleire må ha vore med i alle høve på planlegginga. I ettertid er det sett fram ymse konspirasjonsteoriar knytt til mordet på Kennedy.

Kennedy var som president mellom anna ansvarleg for forsøket på å invadera Cuba via Grisebukta i 1961. Året etter var den såkalla Cubakrisa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: John F. Kennedy
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: John F. Kennedy
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.