Caput mortuum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Symbolet for Caput mortuum

Caput mortuum er latinsk for «daudinghovud» og vart i alkymien i mellomalderen nytta som eit generelt omgrep for oske eller destillasjonsrest. I dag er det namnet på eit pigment.

Pigmentet vart opphavleg framstilt av naturleg førekomande jernoksid, men vart seinare framstilt ved oppvarming av jern(II)-sulfat eller jernvitriol til 500 °C. Fargekarakteren er mørk brun, noko mørkare enn engelskraudt. I dag vert fargen slått saman med venetiansk raudt. Ved ytterlagare oppvarming til 700 °C eller meir får stoffet eit fiolett stikk. Pigmentet er særs lysbestandig og stabilt i blanding med andre pigment.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]