Brun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Brun er ein blandingsfarge som kan vera sett saman av raudt og grønt, oransje og blått eller gult og lilla. Brunt blir rekna som ein jordfarge. Han kan bli sett på som keisam eller skitten; det er fargen til jord og skit. Men ein finn også fargen på tre, både i borken og på beisa plankar, og i mat, som sjokolade, brun saus og mange ulike kjøttypar.

Ordet brun har samanheng med å brenna og tyder eigentleg «fargen til noko som er brent». Å bruna eller brunka er blitt til nye verb som tyder å varma noko litt, gjerne slik at det blir brunt.

I eit RGB-system med ein skala frå 0 til 255 kan ein få fram brun farge til dømes med verdiane [150, 75, 0].

Brune kaffibønner.

Hud[endre | endre wikiteksten]

Ein stor del av menneskja har ein hudfarge som er ei sjattering av brun. Likevel har ein sjeldan kalla folkegrupper brune, dei er i staden blitt kalla raudhudar, gulingar eller svarte.

Som hudfarge er brun noko mange prøver å oppnå ved å sola seg eller bruka sjølvbruningskremar. Andre, medrekna mange av dei som er brune naturleg, prøver derimot å gjera seg mindre brune ved å unngå solskin eller ved hjelp av bleikande hudprodukt.

Brune auge og brunt hår heng gjerne saman.

Hår[endre | endre wikiteksten]

Brun er ein vanleg hårfarge, særleg i Middelhavslanda og Latin-Amerika. Han heng ofte saman med brune auge. Ei kvinne med brunt hår kan kallast ei brunette, men me har ingen tilsvarande ord for brunhåra menn.

Klede[endre | endre wikiteksten]

Brune klede kan ha ulike tydingar ut frå kven som ber dei.

  • Kristne munkar og andre folk via kyrkja har kledd seg i brunt, opphavleg fordi det var ein enkel og lite oppsiktsvekkande farge, i dag meir av tradisjon. Cistercienserordenen hadde opphavleg brune kutter.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Brun er eit vanleg etternamn, både på norsk og andre språk. Det norske namnet kjem frå Danmark. På engelsk er namnet Brown og på fransk finst Le Brun. Truleg har dette namnet vist til hårfargen på dei som opphavleg fekk det.

Det finst òg som førenam, til dømes som Bruno eller Barna.

Bruna og Brunen er tradisjonelle hestenamn, som er mykje brukte fordi brunt er ein vanleg hestefarge.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]