Cardwell i Queensland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cardwell
Cardwell.jpg
Styresmakter
Delstat
Region
Queensland
Cassowary Coast Region
Geografi
Innbyggjarar 1 250

Cardwell er ein tettstad i Queensland i Australia som ligg i Cassowary Coast-regionen. Byen ligg rundt 165 kilometer nordvest for Townsville i Queensland og rundt 1497 kilometer nordvest for delstatshovudstaden Brisbane. rundt Cardwell har ein jernbanestasjon på Brisbane-Cairnsbanen og ligg langs National Highway 1. Verneområde som Hinchinbrookøya, Gouldøya, Brook-øyane og Oyster Point ligg i nærleiken av tettstaden.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ananasplantasje i Cardwell rundt 1906.

Cardwell ligg i eit aboriginarområde der warrgamayspråket var utbreidd; grensa mellom dette språket og dyirbal går mellom Cardwell og Tully i nord. Staden blei først kolonisert av europearar i januar 1864 då dei grunnla Port Hinchinbrook, den første hamnebyen i Queensland nord for Port Denison (no Bowen). Tettstaden fekk seinare namn etter den britiske politikaren Edward Cardwell, 1. vicomte Cardwell.

Cardwell fekk svært hard medfart under syklonen Yasi i februar 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Cardwell i Queensland

Kjelder[endre | endre wikiteksten]