Ananas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ananas

Ananas (Ananas comosus) er ein vekst i ananasfamilien. Veksten er opphavleg frå Brasil og Bolivia, men er dei siste fem hundreåra spreidd til andre verdsdelar og dyrka der.

Ananasen, som er ei rosettplante, trivst best i 25–30 grader og treng ca 1000–1500 mm regn per år. Ananasplanta lever i cirka tre år. Når planta er 2–3 år ber ho frukt, sidan visnar ho og døyr. Ananasen har ein frukttype som kallast samansett frukt som er ein diaspore danna av ei stor mengde blomar rundt stamma.

Ananasfrukta vert i kosthaldet nytta i mellom anna dessertar, fruktsalatar, kjøtt- og fiskerettar, salatar og som pizzatopping[1]. For å kunne ete frukta må det taggete skalet og det treaktige partiet i midten, ananasstokken, skjerast vekk. Dette er grunnen til at konservert ananas i skiver ofte har form som ein relativt smal ring med eit stort hol i midten. Ananasfrukta kan vege over to kg. Kolibri er den vanlegaste pollinatøren av ananas.

Namnet ananas er etter indianarar i Karibia som kalla frukta anana, det er «framifrå frukt».

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]