Carl Gustaf Mannerheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl Gustaf Mannerheim
Carl Gustaf Emil Mannerheim.jpg
Finlands President
Regjeringstid 4. august 19448. mars1946
Fødd 4. juni 1867 i Louhisaari i Finland
Død 27. januar 1951 i Lausanne i Sveits
Føregjengar Risto Ryti

Carl Gustaf Emil Mannerheim (4. juni 186727. januar 1951) var ein finsk (finlandssvensk) adeleg offiser, politikar og oppdagar som var president i Finland frå 1944 til 1946. Han vert oftast omtala som Gustaf Mannerheim eller berre Mannerheim.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Mannerheim vart fødd i Louhisaari (svensk Villnäs) i Finland, og døydde i Lausanne i Sveits. Han var i russisk teneste til oktoberrevolusjonen i 1917.

Mannerheim var øvstkommanderande for dei finske regjeringstru (kvite) styrkane under den finske borgarkrigen i 1918, riksforstandar frå 1918 til 1919, feltmarskalk 1933, og finsk øvstkommanderande frå utbrotet av vinterkrigen i 1939. Han vart utnemend til marskalk av Finland i 1942.

Den 4. august 1944 vart Mannerheim den sjette presidenten i Finland. Mange trudde at berre han kunne «leia landet til fred» mot slutten av den andre verdskrigen. Same året mottok han storkrossen av Finlands løves orden. Den 8. mars 1946 gjekk Mannerheim av som finsk president.

Mannerheim gav namn til den finske forsvarslinja (Mannerheimlinja) under den finske vinterkrigen og den finske framhaldskrigen.

Mannerheim vart vald til Århundrets finlendar i ei stor fjernsynsrøysting i Finland i 2004.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Carl Gustaf Mannerheim