Finske vinterkrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vinterkrigen
Del av Andre verdskrigen
Winter war.jpg
Finske soldatar i vinterkamuflasje
Dato 30. november 1939 til 13. mars 1940
Stad Finland
Resultat Sovjetisk siger ved Moskvafreden
Partar
Flag of Finland.svg Finland Sovjetunionen Sovjetunionen
Kommandantar
Flag of Finland.svg Carl Gustaf Emil Mannerheim Flag of the Soviet Union (1923-1955).svg Kliment Vorosjilov,
Flag of the Soviet Union (1923-1955).svg Semjon Timosjenko
Styrkar
250 000 mann
30 stridsvogner
130 fly
1 000 000 mann
6 548 stridsvogner
3 800 fly
Tap
22 830 falne
43 557 såra
1 000 tilfangetekne
126 875 falne og forsvunne
264 098 såra
5 600 tilfangetekne
Kart over frontlinene i 1939

Den finske vinterkrigen (også kalla den finske fridomskrigen eller den russisk-finske krigen) braut ut då Sovjetunionen under leiing av Stalin gjekk til åttak på Finland den 30. november 1939, tre månader etter utbrotet av den andre verdskrigen. Åtaket vart internasjonalt fordømt og førte til at Sovjetunionen vart utvist frå Folkesambandet.

Krigen førde til at Finland ved Moskvafreden måtte gje avkall på delar av det finske landområdet. Sovjetunionen lagde under seg mellom anna Karelen (inkludert byen Viborg) og Petsamo-distriktet.

Bakgrunnen for krigen var at Sovjetunionen kravde at finnane skulle gje frå seg nokre landområde for å lette forsvaret av Leningrad (St. Petersburg) dersom Sovjetunionen skulle bli dregen inn i krigen mellom Tyskland, Frankrike og Storbritannia. Finland hadde sidan første verdskrigen og den finske borgarkrigen hatt eit nært tilhøve til Tyskland. Finland nekta å gje etter for dette kravet. Difor kom åtaket.

Dei finske soldatane kjempa motivert og hardt, og etter alt å dømme med full oppslutning i folket, og dei heldt stand heilt fram til mars 1940. Då skreiv den finske regjeringa under ein fredsavtale der dei måtte gje frå seg større område enn opphavleg kravd frå sovjetisk side, om lag 10 prosent av territoriet til landet.

Hitler-Tyskland gjekk til åtak på Sovjetunionen, gjekk Finland med i det dei frå finsk side kalla framhaldskrigen. Men då finske soldatar hadde teke tilbake det dei hadde mist under Vinterkrigen, fekk dei ordre om å halde fram austover. Mange finske kjelder, både historikarar og forfattarar, meiner dette førte til misnøye mellom ein god del av dei finske soldatane, og til motstand i delar av folket. Den kløyvinga i det finske folket som hadde skjedd under og etter borgarkrigen, men som kom bort under Vinterkrigen, kom tilbake – fram til den finske regjeringa fekk i stand ein separatfred med Sovjetunionen i 1944, og finnane i Lapplandskrigen jaga sine tidlegare tyske allierte ut av landet.

Kjelder: Blant anna no.wikipedia.org

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]


Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Finske vinterkrigen
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.