Adel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpenskjoldet til den tyske adelsslekta Richthofen

Adel var særleg innan føydalismen ei nemning på den øvste samfunnsklassa. Adelen utvikla seg ved at hovdingar eller stormenn vart gjevne adelstitlar av til dømes ein konge eller keisar. Etter kvart vart adelstittelen og rettane knytt til denne gjort arveleg. Slik utvikla det seg adelsslekter. Om ei adelsslekt var særleg mektig, kunne ho verta kalla fyrstehus.

Europeisk høgadel er ordna etter denne rangordninga:[1]

  1. Fyrstar er monarkar, og kan vera overhovud i ein stat, eit land eller i større provinsar.
  2. Hertugar er tradisjonelt berre underlagde monarkar, og kan vera overhovud for eit hertugdømme.
  3. Marki
  4. Greve
  5. Visegreve
  6. Baron eller friherre

Andre adelstitlar er t.d. konge og dronning, prins, emir, kalif, jarl og riddar.

Ein adelskalender er ei oversikt over dei levande medlemane av adelen i eit land. Fleire europeiske land gjev ut slike oversikter.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. «adelstitler» i Caplex.
  2. «adelskalender» i Caplex.
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.