Cavendish Laboratory

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
CavendishLab.jpg

Cavendish Laboratory er eit fysikklaboratorium ved Cambridge University i Storbritannia. Det vart grunnlagt i 1871 for gåvefond frå William Cavendish, 7. hertugen av Devonshire, ein slektning av Henry Cavendish. Eit av dei mest ansette professorstillingane i fysikk i England er knytte til laboratoriet. Det første Cavendish-professoratet hadde James Clerk Maxwell, og seinare har mellom anna Lord Rayleigh, J. J. Thomson, Ernest Rutherford, Lawrence Bragg og Nevill Mott hatt denne stillinga. Av dei mange store oppdagingane som er gjort ved Cavendish Laboratory kan ein nemne Thomson si oppdaging av elektronet, Rutherford sine undersøkingar av atomkjernen og James Chadwick si påvising av nøytronet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Cavendish Laboratory

Kjelder[endre | endre wikiteksten]