Ernest Rutherford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ernest Rutherford2.jpg

Ernest Rutherford, Baron Rutherford of Nelson (30. august 187119. oktober 1937) var ein britisk fysikar, fødd på New Zealand. Han var ein av dei store pionérane innan atom- og kjernefysikken. Han mottok Nobelprisen i kjemi i 1908. Han er kjend som grunnleggjaren av den moderne eksperimentelle kjernefysikken, og gjorde mange forsøk som beviste teoretiske samanhengar. Han har mellom anna fått æra for å ha oppdaga alfa- og betapartiklar, han var den første som kom med teorien om atomkjernen og han gjennomførte den første spaltinga av eit atom.

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha vunne eit skulestipend, fekk Rutherford ta ein bachelorgrad i vitskap ved Nelson i 1894. Det første kjende forsøket hans var då han sette straumjarn for å undersøkja magnetiseringa, og oppdaga at han kunne registrera magnetbølgjer, jamvel etter at dei hadde gått gjennom ein murvegg. Dette var rett etter at Heinrich Hertz hadde oppdaga magnetbølgjene. Oppdaginga gjorde at Rutherford fekk eit stipend som sikra han vidare utdanning.

I perioden 1895-98 studerte Rutherford under J.J. Thomson i Cambridge. Her studerte han elektromagnetisme og røntgenstråler. I 1898 fekk han eit professorat i fysikk på McGill universitet i Montreal i Canada. I 1903 påviste Rutherford at alfastråling er positivt ladde partiklar. Seinare viste han at dei var heliumkjernar.

Frå 1907 var han professor i Manchester. Her gjorde han undersøkingar på nedbrytinga av grunnstoffa og kjemien til radioaktive stoff. Det var dette arbeidet han i 1908 fekk nobelprisen i kjemi for.

Øvst: Det forventa resultatet av gullfolieeksperimentet ville vera at partiklane gjekk rett gjennom atomet, som ein den gongen trudde berre var ein slags pudding der elektrone låg inni ein klump med stoff. Nedst: Det observerte resultatet; Nokre av dei positivt lada partiklane vart skubba ut i andre retningar, noko som tyda på at dei trefte noko med positiv lading

Gullfolieeksperimentet[endre | endre wikiteksten]

I 1911 gjorde Rutherford den viktigaste oppdaginga si. I 1906 hadde han oppdaga at energirike alfapartiklar vart spreidde når han skaut dei gjennom tynn metallfolie. I 1909[1] gjennomførte han det vidgjetne gullfolie-eksperimentet, som viste at alfapartiklane av og til vart spreidde i veldig store vinklar. Sjølve forsøket var det medarbeidarane Ernest Marsden og Hans Geiger som utførte[2], men det er Rutherford som er kjend som mannen bak gullfolieeksperimentet (også kalla Geiger-Marsden-eksperimentet). I 1911 kom Rutherford fram til konklusjonen om at dette berre kunne vera mogleg viss atomet hadde ein kjerne som var positivt lada og veldig liten, og negativt ladde elektron som låg rundt kjernen i relativt stor avstand. Dette vart grunnlaget for Niels Bohr sin atommodell. Rutherford sine utrekningar av spreiinga til alfapartiklar, såkalla Rutherford-spreiing, mot eit slikt atom, vart snart stadfesta av andre eksperiment.

Rutherford vart adla i 1914.

Cavendish Laboratory[endre | endre wikiteksten]

Etter at Rutherford under den første verdskrigen hadde arbeidd med utstyr for oppdaging av ubåtar, heldt han fram med dei kjernefysiske eksperimenta sine. I 1919 tok han over etter Thomson som Cavendish-professor i Cambridge og professor i Natural Philosophy ved Royal Institution. Same året utførte Rutherford den første spaltinga av ein atomkjerne i eit laboratorium. Han bombarderte nitrogen med alfapartiklar, og såg at det vart sendt ut proton. Han sette òg fram idéen om nøytrona, partiklar som seinare vart oppdaga av eleven hans, James Chadwick.

Rutherford er for ettertida kjend som ein genial eksperimentator. Med enkle middel sette han opp nye forsøk, og utan å vera spesielt teoretisk interessert trekte han dei rette teoretiske slutningane av eksperimenta. Han var i ei årrekkja president i Royal Society.

I 1932 vart han Baron Rutherford av Nelson. Han døydde etter kort tids sjukdom i 1937.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. snl.no
  2. Rom Stoff Tid, lærebok i fysikk frå Cappelen for reform 94. Nettutgåva, sjå side 271
Spire Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.