Cenote

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den heilage cenota i Chichen Itza
Cenote i Quintana Roo

Ei cenote (frå yukatansk maya dzonot eller ts'onot «brunn») er eit slukhol eller kollapsdoline fylt med grunnvatn. Cenoter er vanlege på Yucatánhalvøya og på enkelte karibiske øyar i nærleiken. Dei er samband mellom jordoverflata og underjordiske vassreservoar. Det fins fleire typer cenotar: opne, halvopne og underjordiske. Dei eldste cenotene er opne, medan dei yngste framleis ligg under bakken. Langs omkrinsen til Chicxulubkrateret nord for Yucatánhalvøya er det ein ring av cenoter. Mange cenoter er knytte saman av underjordiske grottesystem, nokre av dei over 100 km lange.

Cenotene vert rekna som heilage av mayaene og var viktige drikkevasskjelder.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Cenoter