Mayaer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ruinane etter mayabyen Palenque, som var på sitt største kring år 800.

Mayaer er ei mesoamerikansk folkegruppe med ei rundt 3000 år gammal historie. Mayaene utvikla ei rekke bystatar i ein sivilisasjon som hadde stotordomstida si frå 250 til 900. Mayaene var ein del av den amerikanske precolumbianske kulturen, men det bur framleis millionar av mayaer i det sørlege Mexico og det nordlege Mellomamerika. Dei har halde på mange føreuropeiske skikkar og fleire av dei snakkar ulike mayaspråk.

Geografisk posisjon[endre | endre wikiteksten]

Utbreiinga til Mayasivilisasjonen.

Mayasivilisasjonen dekte dei sørlege mexicanske statane Chiapas, Tabasco og statane på Yucatán-halvøya: Quintana Roo, Campeche og Yucatán. Mayaområdet strekte seg også over heile den nordlege sentalamerikanske regionen, medrekna våre dagars Guatemala, Belize, El Salvador og det vestlege Honduras.

Som den største sub-regionen i Mesoamerika omfatta mayaområdet eit stort og variert landskap, frå fjellregionen Sierra Madre til dei halvturre steppene nord på Yucatán. Klimaet i mayaområdet kan variere enormt, ettersom dei lågtliggande områda er særleg utsette for orkanar og tropiske stormar, som ofte herja i Karibia.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Figur frå Copán-palasset i Honduras

Arkeologiske funn fortel at mayaer byrja byggje seremoniell arkitektur for om lag 3000 år sidan. Mayaer overtok etter den før-klassiske mesoamerikanske sivilisajonen til olmekarane. Olmekarane og dei tidlegaste mayaene ser ut til å ha hatt innverknad på kvarandre. Dei tidlegaste mayamonumenta består av enkle gravhaugar, forlauparar for pyramidane som var sett opp seinare.

Mayaer bygde berømte byar som Tikal, Palenque, Copán og Kalakmul, forutan Dos Pilas, Uaxactun og Altun Ha. Dei grunnla eit landbruksintensivt rike med mange sjølvstendige bystatar. Dei mest iaugefallande monumenta er mayapyramidane, som vart bygd i dei religiøse sentra og palassa til dei herskande. Andre viktige arkeologiske leivningar er mellom anna utskorne steinplater som mayaene kalla tetun eller 'tre-stein'. Desse viser herskarar og inneheld hieroglyftekster som fortel om slekt og gjerningar som sigrar i krig.

Kunst og arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Mayavase i keramikk frå det 600- til 900-talet. Funne i det nordlege Guatemala. Den avbilda figuren er den unge maisguden.

Tidsrommet 200 til 900 er blitt kalla den klassiske epoken til mayasivilisasjonen, ettersom dei yndefulle og nøyaktige menneskeskildringane frå denne tida minna tidlege arkeologar om den klassiske antikken. Ein kan sjå døme i utskjeringar og relieff i Palenque og skulpturar i Copan. Av den velutvikla målarkunsten frå den klassiske tida er det lite att, hovudsakleg har gravferdskar og annan mayakeramikk overlevd, medan éin bygning i Bonampak inneheld tidlege murmåleri. Mayakunstnarane signerte verka sine, noko som er uvanleg i høve til mange andre sivilisasjonar.

Skriftsystem[endre | endre wikiteksten]

Skriftsystemet til mayaene blir kalla mayahieroglyfar ettersom dei minner om egyptiske hieroglyfar, sjølv om dei ikkje er i slekt med dei. Skrifta var sett saman av fonetiske symbol og ideogram.

Matematikk[endre | endre wikiteksten]

Maya-tala.

Mayasivilisasjonen brukte eit tjuetalssystem. Mayaene, eller olmekarane før dei, utvikla omgrepet null før ein gjorde det i Eurasia.[1]

Inskripsjonar viser at dei til tider arbeidde med summar på opptil fleire hundre millionar. Dei utførte nøyaktige astronomiske observasjonar, og rekna ut lengda på solåret noko meir nøyaktig enn den gregorianske kalenderen.

Mayaene sin tilbakegang[endre | endre wikiteksten]

Maya-«embetsmenn» frå høglandet i Guatemala, 1891

På 700- og 800-talet tok det til å gå tilbake for den klassiske mayakulturen, og dei fleste byane i det sentrale låglandet blei fråflytta. Det finst arkeologiske funn for krigføring, svolt og opprør i ulike utgravingar i dette området. Nedgangen kan ha kome av faktorar som krig, utarming av matjord og tørke, eller fleire av desse saman.

Mayabyane i det nordlege låglandet på Yucatán blomstra framleis i nokre hundreår. Dei viktigaste byane på denne tida var Chichen Itza, Uxmal, Etzna og Coba. Etter at herskardynastia fall i Chichen Itza og Uxmal, herska Mayapan over heile Yucatán fram til eit opprør i 1450. Etter dette blei området omdanna til bystatar fram til erobringa av dei spanske conquistadorane.

I høglandet i sør levde mayastaten vidare. Eit af mayarika i området, Quiche, er kjent for det historiografiske og mytologiske arbeidet, Popol Vuh. Frå 1520-åra tok spanjolane til å erobra mayaområda, men nokre mayarike gjorde hard motstand, og den siste blei først overvunnen av spanske styrker i 1697.

Mayaer seinare[endre | endre wikiteksten]

Mange av dei som bur på landet i Guatemala og Belize er mayaer av avstamming og har framleis mayaspråk som morsmål. Det finst også stadig ein mayakultur på landet i Mexico.

Synet på mayaene i omverda[endre | endre wikiteksten]

Dei spanske amerikanske koloniane var stort sett avskore frå resten av verda, og ruinane av dei gamle mayabyane var derfor stort sett ukjende, bortsett for frå dei som budde i nærleiken. I 1839 kom USA-amerikanske John Lloyd Stephens, som hadde høyrt om ruiner i jungelen, saman med den engelske arkitekten og teiknaren Frederick Catherwood til Copan, Palenque og andre stader. Deira skildringar og illustrasjonar om ruinbyane førte til stor interesse blant dei som budde i heile området. Ruinane blei også kjende elles i verda, og mange av dei er i dag viktige turistmål.

Liste over mayaruinar[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste ruinane[endre | endre wikiteksten]

Andre viktige mayaruinar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referensar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dansk Wikipedia oppgjev fincher.org: World History Timeline Citat: "...3114 BC, Aug 13...Start of the Mayan calendar. The Mayans had 20 days in their month starting with day 0 and ending with day 19. They understood zero not only as a place holder, but as a true counting number..." og shaw.ca: Note on the Maya Calendar Citat: "...Zero is usually indicated by a "shell" glyph...The long count is actually a modified base 20 number system: All periods except the tun are 20 times the previous period. The Maya used place holding arithmetic and the concept of zero before they were invented in the Old World..."

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mayaer