Yucatánhalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Yucatánhalvøya sett frå satellitt.

Yucatánhalvøya er ei halvøy i Mellom-Amerika som skil Det karibiske havet frå Mexicogolfen. Den nordlege delen av halvøya høyrer til dei meksikanske statane Campeche, Quintana Roo og Yucatán. Den sørlege delen høyrer til landa Belize og Guatemala. Folkesetnaden på halvøya består av mayaindianarar, spansktalande mestisar og engelsktalande kreolar i Belize.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Yucatanhalvøya er eit stort flatt skjold av kalkstein. Berre ved Uxmal er det nokre mindre høgder. Dette skjoldet strekkjer seg òg ut i havet, og skapar ein bred kontinentalsokkel. Særleg langs kysten av Belize og Quintana Roo ligg det ei eventyrleg øyverd av korallrev, atollar og småøyar. Dette området av korallrev strekkjer seg inn i Honduras, og utgjer etter Det store barriererevet i Australia det største korallrevet i verda.

Den årlege nedbøren på Yucatán er om lag 500 mm i nord og 1200 mm i sør.

Dei største byane er Mérida (i den meksikanske delstaten Yucatán) med om lag 800 000 innbyggjarar, Cancún (i den meksikanske delstaten Quintana Roo) med om lag 680 000 innbyggjarar, San Francisco de Campeche, Valladolid og Belize City.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Viktige næringsvegar er jordbruk, oljeutvinning samt turisme. Langs austkysten ligg dei største turistanlegga konsentrert rundt Cancún.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Maya-kulturen blømde på Yucatánhalvøya, i Chiapas, i Belize, i Guatemala og i delar av Honduras og El Salvador. Dei eldste bystatane oppstod i Guatemala, spesielt i Péten lengst sør på halvøya. I den såkalla klassiske perioden, ca. 600-900, låg nokre av dei viktigaste bystatane lengre nord på Yucatánhalvøya. Rundt 900 fann det stad eit samanbrot i økonomi og samfunnsstrukturar i store delar av mayaområdet. Årsakene til dette kan ligge i utpining av jorda, klimaendringar eller andre ting, det er framleis uklart. Som følgje av denne svekkinga vart halvøya utsett for ein invasjon frå det sentrale Mexico, toltekarane frå hovudstaden sin Tula nord for Mexico by dominerte halvøya i eit par hundre år frå 900-1100. Etter dette forfall mayakulturen gradvis inntil den spanske erobringa.

Spanjolane gjekk første gong i land ved Campeche i 1517. Derimot skulle det ta mange års intens kamp, for det meste organisert av Fransisco de Montejo den eldre, og son hans Fransisco de Montejo den yngre før halvøya kom under nokolunde kontroll kring 1540. Campeche by vart då den viktigaste hamnebyen, medan Mérida vart hovudstaden. Òg Valladolid var ein eksponent for spansk språk og kultur i området. Mayaane levde som gjeldsslavar på store spanske gods, og hadde ikkje tilkomst til byene.

Kontrollen strekte seg derimot ikkje heilt inn i dei uvegsame områda sør i Quintana Roo og Belize, så her kunne mayaane leve meir uforstyrra. Samstundes var privatverksemd eit stort problem for kystbyane. Langs kysten av Belize og Quintana Roo kunne piratane operere nokså fritt, og etter kvart sette engelskmennene seg fast i Belize.

Frå 1824 av var det meste av Yucatán meksikansk. Derimot ver den kvite overklassen vann med å stelle seg sjølv, og dei var ikkje spesielt nøgd med den kaotiske politikken i Mexico by. Dermed erklærte dei seg sjølvstendige i 1841. I påvente av reaksjonar frå sentralt hald væpna den kvite overklassen mayaane. Mayaane var derimot meir interessert i å drive sine kvite overherrar ut, og i 1847 starta eit væpna opprør, kalla «kastekrigen». Byen Valladolid vart erobra og dei kvite massakrert eller drive ut. Òg hovudstaden Mérida var nær ved å overgje seg, då brått alle mayaane reiste heim for å plante mais. Dermed rakk ein å få hjelp frå Sentral-Mexico mot å love lojalitet til Mexico. I perioden 1848-1855 vart mayaene drive tilbake, og til slutt var det berre motstand i den sørlege delen av Quintana Roo.

Etter kastekrigen blømde derimot økonomien som følgje av eksport av hennequen, eit naturfiber som vart brukt til tauverk. Då kunstfiber vart tilgjengeleg etter den andre verdskrigen, vart derimot fibra utkonkurrert. Frå 1960-talet har det til gjengjeld utvikla seg ein viktig turistindustri, sentrert rundt Cancún i Quintana Roo.

Mat frå Yucatán[endre | endre wikiteksten]

Maten på halvøya har eit tropisk preg. Cochinita pibil er svinekjøtt i ein knallraud saus pakka i bananblad og steikt på glør i ei grop i jorda. Pipián er ein annan saus, laga av graskarfrø, som vert hella over kjøt, pakka inn i bananblad og dampa. Papadzules er tortilla fylt med egg og overhelt med pipián-saus. Pavo relleno («fylt kalkun») er kalkunkjøt steikt lagvis med krydra svinekjøtt og oksekjøtt i ein rik, mørk saus. Sopa de lima er ei kyllingkraftsuppe med mengder av limesaft.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]