Centerpartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Centerpartiet

LandSverige
Partileiar(ar)Annie Lööf[1]
Grunnlagt2. mars 1913
Ideologigrønn liberalisme, desentralisering, agrarparti Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonsentrisme

Centerpartiet er eit politisk parti i Sverige. Ideologisk kallar Centerpartiet seg for eit grønt sosialliberalt parti.[2] Partiet er medlem i Alliansen av Liberale og Demokratar for Europa (ALDE) og Det europeiske liberale, demokratiske og reformpartiet. Det deltek i ALDE-gruppa i Europaparlamentet.

Sidan 2. februar 2023 har Muharrem Demirok vore leiaren i partiet, som tok over etter Annie Lööf.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historisk har Centerpartiet vore rekna som eit systerparti av det norske Senterpartiet. Som det norske partiet har det sitt opphav i bondeorganisasjonar, og heitte Bondeförbundet frå stiftinga i 1913 fram til 1957. Partiet hadde ei stordomstid på 1970-talet – det var det nest største partiet i Sverige ved riksdagsvala frå 1968 til 1976. Frå 1976 gjekk oppslutninga nedover ved kvart riksdagsval fram til 1998. Sidan vart det gjort mykje for å snu denne utviklinga. Etter valet i 2002 konkluderte partiet med at folk hadde eit uklårt bilete av kva Centerpartiet stod for, og at mange trudde det var imot utvikling og framsteg. Difor sette det seg som mål å bli oppfatta som «moderne, positivt, eintydig og utfordrande.»[4] Den nye strategien har hatt ein viss suksess, med auka oppslutning ved dei to siste riksdagsvala. Partiet har mellom anna fått fleire veljarar i byane.

I den siste tida har avstanden til det norske Senterpartiet auka.[5] Det svenske Centerpartiet er til dømes positivt til EU, seier ja til ei felles EU-grunnlov og ynskjer eit føderalt Europa. Det var likevel mot svensk deltaking i den monetære unionen (euro-sona). Som det norske Senterpartiet har det svenske ein sterk distriktsprofil, men det ynskjer frihandel som eit middel for å hjelpa fattige land ut av fattigdomen, i staden for tollmurar. På 2000-talet har partiet gått inn for føderalisme, både på europeisk og nasjonalt nivå. Centerpartiet har samarbeidd med sosialdemokratane før, men no står partiet klårt på den borgarlege sida. Det har definert seg som eit sosialliberalt parti og er medlem i Det europeiske liberale, demokratiske og reformpartiet. Partiet vert no rekna som eit systerparti av det norske Venstre.

Frå 2006 til 2014 var det eit av fire parti i den borgarlege koalisjonsregjeringa i Sverige. Ved riksdagsvalet i 2010 vart det det femte største partiet, med 6,6 % av røystene og 23 representantar i Riksdagen (av 349).

Oppslutning ved riksdagsval 1921–2014[endre | endre wikiteksten]

(som Bondeförbundet frå 1921 til 1957)

Årstal Mandat Røyster
2014 22 6,1 %
2010 23 6,6 %
2006 27 7,9 %
2002 22 6,2 %
1998 18 5,1 %
1994 27 7,7 %
1991 31 8,1 %
1988 42 11,3 %
1985 44 12,4 %
1982 56 15,5 %
1979 64 18,1 %
1976 86 24,1 %
1973 90 25,1 %
1970 71 19,9 %
1968 39 15,7 %
1964 36 13,4 %
1960 34 13,6 %
1958 32 12,7 %
1956 19 9,5 %
1952 26 10,7 %
1948 30 12,4 %
1944 35 13,6 %
1940 28 12,0 %
1936 36 14,3 %
1932 36 14,1 %
1928 27 11,2 %
1924 23 10,8 %
1921 21 11,1 %

Systerparti[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. https://sverigesradio.se/artikel/4711432; vitjingsdato: 14. juni 2021; arkiv-URL: https://web.archive.org/web/20210614023745/https://sverigesradio.se/artikel/4711432.
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 6. juli 2007, henta 16. april 2007 
  3. «MUHARREM DEMIROK VALD TILL NY PARTILEDARE I HELSINGBORG» (på svensk). Centerpartiet. 2. februar 2023. Henta 2. februar 2023. 
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 6. september 2007, henta 16. april 2007 
  5. http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article1452738.ece

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Politiske parti i Sverige:
Vänsterpartiet Socialdemokraterna Miljöpartiet de Gröna Centerpartiet Liberalerna Kristdemokraterna Moderaterna Sverigedemokraterna