Charlotte Amalie av Hessen-Kassel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Charlotte Amalie av Hessen-Kassel
CharlotteAmalie02.jpg
Charlotte Amalie måla av Jacques d’Agar
Fødenamn Charlotte Amalie av Hessen-Kassel
Fødd 27. april 1650, Kassel i Hessen
Død 27. mars 1714 (63 år), København
Ektefelle Kristian V
Born 1.Fredrik IV (16711730)


2.Christian Vilhelm (16721673)
3.Christian (16751695)
4.Sophie Hedevig (16771735)
5.Carl (16801729)
6.Christiane Charlotte (død som born)
7.Vilhelm (16871705)

Charlotte Amalie av Hessen-Kassel (fødd 27. april 1650 i Kassel, Hessen, død 27. mars 1714 i København), var dronning av Danmark-Noreg gjennom ekteskap med Kristian V. Ho var dotter av landgreve Vilhelm VI av Hessen-Kassel og Hedvig Sophie av Brandenburg. [1]

Charlotte Amalie fekk ei god utdanning både innan språk, naturlære og filosofi. Ho var kalvinist og i samband med at ho gifta seg med Kristian vart det frå tysk side krevd at ho skulle ha religionsfridom både ho sjølv og hoffet hennar. Ho fekk òg rett til eigen reformert prest.[1]

Det danske presteskapet såg med uvilje på dette. Det kan òg ha medvirka til at sjølve bryllaupet ikkje vert feira med pomp og prakt, men ved ei nær privat tilstelning på Nykøbing slottFalster 25. juni 1667. Ho vart heller ikkje salva saman med ektefellen etter tronskiftet i 1670.[1]

Charlotte Amalie fekk sju born med Kristian, mellom dei den seinare Fredrik IV. Ho er gravlagd i koret i Roskilde domkyrkje.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Charlotte Amalie frå Dansk kvindebiografisk leksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Charlotte Amalie av Hessen-Kassel