Kristian V av Danmark-Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristian V
Christian V of Denmark titulyarnik.jpg
Konge av Danmark-Noreg
Regjeringstid 1670-1699
Fødd 15. april 1646 i Flensborghus
Død 25. august 1699 (53 år)
Gravlagd Roskilde domkyrkje
Føregjengar Fredrik III av Danmark-Noreg
Etterfølgjar Fredrik IV av Danmark-Noreg
Gift med Charlotte Amalie av Hessen-Kassel
Dynasti Huset Oldenburg
Motto Latin Pietate et Justitia
Ved fromhed og rettferdighet
Far Fredrik III
Mor Sophie Amalie av Braunschweig-Lüneburg
Born 12 born

Kristian V (15. april 164625. august 1699) var konge av Danmark og Noreg frå 1670 til 1699. Etter slekt var han medlem av fyrstehuset Oldenburg. Kristian V var eldste son av kong Fredrik III av Danmark-Noreg og dronning Sophie Amalie av Braunschweig-Lüneburg. Han vart fødd på Flensborghus ved Flensborg i 1646. I høve Kongeloven av 1665 var han eineveldig konge. I 1655 vart han hylla som tronfylgjar, 9 år gamal. Då han vart atten år fekk han sete i statsrådet, og fekk stor makt nest etter den eineveldige kongen. Då Fredrik III døydde i 1670 fekk Kongeloven for fyrste gong verknad ved arvefylgje. Den 24 år gamle arvekongen Kristian V vart den andre eineveldige kongen av Danmark-Noreg. Då han hadde arva trona, skulle han ikkje kronast, men vart i staden salva. Salvinga fann stad i Frederiksborg slottskyrkje.

I 1667 gifta Kristian seg med Charlotte Amalie av Hessen-Kassel. Fire år seinare ordna han det slik at den 16 år gamle elskarinna Sophie Amalie Moth, skulle bu nær Københavns Slott. Dronninga fødde sju born og elskarinna fem. Dei fem borna til elskarinna vedgjekk han offisielt å vera far til. Som takk vart Sophie Amalie utnemnd til grevinne av Samsø.

Statue av Kristian V på Kongens Nytorv i København.

Krigføring[endre | endre wikiteksten]

I 1675 erklærte kongen krig mot Sverige, den såkalla «Skånske krigen». Målet var å ta attende landområda som Frederik III måtte gje tapt ved Roskildefreden i 1658. Det kom til veldige kampar i Skåne. Kongen var personleg med i fleire slag. Noka militær avgjerd på krigen kom ikkje, trass i Niels Juel sin siger i Køge Bugt. Krigen enda i 1679 med at Frankrike dikterte ein fred mellom partane. Landegrensene vart verande som han hadde vore før utbrotet av krigen.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Den som hadde mest makt av kongen sine menn var rikanslar Peder Griffenfeld. Den veksande makta og statsmannsevnene skaffa Griffenfeld mange fiendar. Svenskane var på denne tida alliert med stormakta Frankrike, og Griffenfeld ynskte i det lengste å unngå strid med Frankrike. I 1676 vart Griffenfeld sitt samband med franskmennene avslørt. Kongen lét han arrestera og skulda han for landssvik. Ein dødsdom vart avsagt, men i siste augneblikk endra kongen straffa til livsvarig fengsel. Straffa vart sona på Munkholmen utanfor Trondheim, til Griffenfeld døydde i 1698. Ved Roskildefreden var den gottorpske delen av Slesvig frigjort frå dansk herredøme, og den gottorpske hertugen hadde alliert seg med Sverige. I 1675 gjekk Kristian V til åtak mot Gottorp og tok svogeren sin, hertug Christian Albrecht, til fange. Ved avsluttinga av den skånske krigen måtte den danske krona etter fransk påtrykk gje slepp på Gottorp igjen. I 1684 prøvde kongen igjen å ta området inn i sjølve kongeriket, men i 1689 måtte han ved Altonaforliket gje opp forsøket.

Kristian V presederer over Høgsterett. Måleri truleg frå 1697.

For å styrka eineveldet vart dei i 1671 innførd ei ny adelsklasse: greve- og friherrestanden. Ein person som eigde nok jord, kunne få tittel av greve. Om ein ikkje kunne syna til nok eigedomar, kunne ein måtta nøya seg med å kalla seg friherre. Tittelen friherre vart etter kvart avløyst av tittelen baron. Garden Hatteberg i Kvinnherad vart i 1678 opphøgd til baroni av kong Kristian V. Noreg sitt einaste baroni fekk namnet Baroniet Rosendal.

Lovgjeving[endre | endre wikiteksten]

Kristian den femtes norske lov er eit sett med lover som kong Kristian V lét gjelda for Noreg. Lova erstatta for ein stor del kong Kristian den fjerdes norske lov. Ved forordning av 14. april 1687 vart lova sett i kraft frå Mikkelsdag, den 29. september 1687. Kristian den femtes danske lov av 1683 er eit sett med lover som kongen lét gjelda for Danmark.

Kongen døydde i august 1699 etter å ha vorte skada av ein skoten hjort. Han vart gravlagd i Roskilde domkyrkje og etterfylgd som konge av sonen Fredrik IV.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kristian V av Danmark-Noreg