Chien-Shiung Wu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chien-Shiung Wu
forenkla kinesisk 吳健雄, tradisjonell kinesisk 吴健雄, pinyin Wú Jiànxíong
Wu Chien-Shiung.gif
Fødd 29. mai 1912
Shanghai i Kina
Død New York City i USA
Nasjonalitet Kina
USA
Institusjonar Academia Sinica
University of California, Berkeley
Smith College
Princeton University
Columbia University
Doktorgradsrettleiar Ernest Lawrence

Chien-Shiung Wu (29. mai 191216. februar 1997) var ein kinesisk-amerikansk fysikar med ekspertise i teknikkar innan eksperimentell fysikk og radioaktivitet. Wu jobba på Manhattanprosjektet (i prosessen for å berike uran til det spaltbare materialet 235U), og utførte tidleg eksperiment som motsa den hypotetiske «lova om bevaring av paritet». Ho hadde kallenamnet «fysikkens førstedame» , «den kinesiske Marie Curie» og «Madame Wu». Ho døydde etter å ha fått det andre hjerneslaget sitt den 16. februar 1997, i ein alder av 84 år.

Ho studerte i USA frå 1936 og vart i 1944 tilknytt Columbia University. Ho var professor der frå 1957 til 1981.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]