Marie Curie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marie Curie

Maria Skłodowska-Curie (7. november 18674. juli 1934), kjend som Marie eller Madame Curie, var ei polsk vitskapskvinne som stod for banebrytande forsking på radioaktive stoff. I samarbeid med den franske ektemannen sin Pierre Curie oppdaga ho polonium og radium og hjelpte til med å forklara fenomenet radioaktivitet.

Curie blei tildelt to nobelprisar, i fysikk og kjemi. Curie var den første kvinnelege nobelprisvinnaren, den første som fekk to nobelprisar, og éin av to som har fått dei innan to ulike felt.

Ungdom[endre | endre wikiteksten]

Maria Skłodowska vart fødd i Warszawa, som då var ein del av Tsar-Russland. Mor hennar var Bronsilawa Boguska, pianist, songar og lærar, faren var Wladyslaw Skłodowski, professor i matematikk og fysikk. Maria var den femte og siste ungen deira. Ho mista ei syster og seinare mora då ho var ganske ung.

Allereie som liten hadde Maria ein eineståande hug, og gjekk ut av gymnaset med ei utmerking. Ho ville gjerne studera vidare, men det at ho var kvinne og polsk gjorde dette umogleg i det russiske tsardømet. I staden arbeidde ho som guvernante i fleire år og støtta medisinstudia til storesystera Bronya ved Sorbonne i Paris. Då Bronya blei ferdig, hjelpte ho til gjengjeld Maria. I 1891 kunne den 24-årige Maria ta til å lesa fysikk og matematikk ved Sorbonne.

Ho levde spartansk og studerte flittig. I løpet av tre år hadde ho fått ein grad i fysikk og éin i matematikk. Planen hadde vore å reisa tilbake til Polen etter endt utdanning, men i Paris møtte ho Pierre Curie. Dei to var begge sjenerte, men delte ein lidenskap for vitskapen. Den 25. juli 1895 blei dei gifte. Same året blei Pierre doktor i fysikk med ei avhandling om magnetisme som inneheld Curies lov.

Paret fekk døtrene Irène i 1897 og Eve i 1904, utan at dette forstyrra forskinga til nokon av dei i større grad.

Marie Curie.jpg

Forsking[endre | endre wikiteksten]

I 1896 avslutta Marie lærarutdanninga si, og tok til å forska på radioaktivitet. Ho oppdaga at i tillegg til uran var òg thorium radioaktivt, og at strålingsmengda frå stoffa ikkje blei påverka av kva kjemiske sambindingar dei var i, men berre av mengda av desse grunnstoffa. Marie Curie trekte slutninga om at radioaktiviteten var avhengig av sjølve grunnstoffatoma, uavhengig av molekylstrukturen dei høyrde til i.

Ho tok deretter fatt på fleire ulike radioaktive malmar, mellom anna uranmalmen bekblende. Det viste seg at denne malmen var meir radioaktiv enn uraninnhaldet tilsa. Curie meinte den ekstra strålinga måtte koma frå eit anna, ukjent grunnstoff. No gav Pierre opp si eiga forsking og tok til å samarbeida med Marie om å isolera dette stoffet. Dei fann ut at strålinga kom frå vismut- og barium-delar av malmen.

Ved å fjerna bismut fekk Marie Curie eit stadig meir radioaktivt stoff. I ei avhandling frå 1898 skildra Curieane det nye stoffet, som dei meinte innehaldt eit ukjent metall med eigenskapar like bismut. Stoffet kalla dei polonium etter Marie sitt heimland. I denne avhandlinga brukte dei òg ordet radioaktivitet for første gong.

Nokre månader seinare fann dei eit nytt metall i barium-delane som dei kalla radium. Kvart av dei tenkte nye stoffa hadde nye og ukjende spektrallinjer, noko som støtta teorien om at dei var nye grunnstoff.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

No tok eit storstilt, hardt arbeid til med å raffinera tonnevis av bekblende for å isolera dei nye grunnstoffa slik at ein kunne fastslå atomvekta deira og andre eigenskapar. I 1902 hadde Marie isolert ei mengd radium, og i doktoravhandlinga si frå 1903 kunne ho fastslå atomvekta. Same året fekk ho Nobelprisen i fysikk, saman med Pierre Curie og Henri Becquerel, for forskinga si på radioaktivitet.

Pierre Curie døydde i 1906 etter å ha blitt påkøyrd då han kryssa gata. Den 38-årige enka Marie avslo å ta imot pensjon, men tok i staden over undervisingspliktene til Pierre, og blei den første kvinnelege førelesaren ved Sorbonne. I 1908 blei ho òg den første kvinnelege professoren ved universitetet.

Marie Curie blei tildelt Nobelprisen i kjemi i 1911 for oppdaginga av polonium og radium, og isoleringa og analysen av radium. Men dette året hadde ho òg blitt hindra i å bli medlem av det franske vitskapsakademiet. Som utlending og kvinne opplevde ho mykje diskriminerande framferd, mellom anna ein hatefull kampanje der ho blei skulda for å ha hatt eit tilhøve til fysikaren Paul Langevin.

Panthéon i Paris der oska til Marie Curie ligg i dag. (Foto: M.Romero Schmidtke)

Marie Curie sjølv var opptatt av at arbeidet hennar skulle vera til nytte for menneskja, og ho såg tidleg nytten av strålingsbehandling mot kreft. Ho grunnla to Curieinstitutt i Warszawa og Paris som skulle utføra medisinsk forsking og behandling. Begge institutta er fortsatt i drift.

Gjennom arbeidet sitt hadde Curie blitt utsett for store mengder radioaktiv stråling. Dette gav henne store helseskadar, og førte høgst truleg til leukemien som tok livet av henne i 1934, då ho var 67 år gammal. Året etter at Marie Curie døydde, fekk dottera Irène Joliot-Curie og ektemannen Frédéric Joliot Nobelprisen i kjemi.

Æresvisingar[endre | endre wikiteksten]

Grunnstoff 96, curium, er kalla opp etter Marie og Pierre Curie.

Den 21. april 1995 blei oska til ekteparet Curie flytta til Panthéon i Paris, kvilestaden for dei mest framståande franskmennene. Ho var den første kvinna som fekk ein plass der på grunn av eigne gjerningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Marie Curie