Christian Goldbach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Christian Goldbach (18. mars 169020. november 1764) var ein prøyssisk matematikar. Han vart født i Königsberg i Preussen som son av ein prest. Goldbach las jus og matematikk. Han reiste mykje i Europa og møtte fleire kjende matematikarar; blant andre Gottfried Wilhelm von Leibniz, Leonhard Euler og Nicolaus I Bernoulli. Goldbach arbeidde på det nyopna russiske Vitskapsakademiet og underviste den seinare tsar Peter II av Russland. Gjennom arbeidet sitt for den russiske statstenesta oppnådde han etter kvart høg rang og store inntekter, og han avslo forskjellige tilbod om vitskaplege stillingar.

Goldbach leverte viktige bidrag til matematikken og interesserte seg særleg for differensiallikningar, sannsynsrekning og talteori. Namnet hans vert i dag best hugsa for Goldbachs formodning, som seier at alle like tal (partal) kan skrivast som summen av to primtal, til dømes 10 = 3 + 7 eller 16 = 3 + 13. Denne førehandstrua er enno ikkje bevist. Han studerte òg teorien omkring ekte potensar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]