Christian Matras

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett på frimerke utgjeven 6. juni 1988, få månader før hans død. Utført av Czesław Słania

Christian Matras (7. desember 190016. oktober 1988) var ein færøysk språkforskar og forfattar.

Matras var fødd i Viðareiði heilt nord på Færøyane men gjekk på skule i Tórshavn saman med dei jevnaldrande, seinare forfatterkollegane William Heinesen og Jørgen-Frantz Jacobsen. Han studerte nordisk ved Københavns Universitet, og leverte doktoravhandling i 1933. Frå 1952 var han dosent ved universitetet, før han i 1965 vendte tilbake til Færøyane som professor og leiar av det færøyske fakultetet ved Universitetet på Færøyane.

Arbeida hans omfattar færøysk litteratur-, språk- og kulturforskning. Christian Matras var også kjend for sine dikt, spesielt for naturlyrikken, og for omsetjingar til og frå færøysk.

Matras' første storverk var Føroysk-donsk orðabók = Færøysk-dansk ordbok saman med M. A. Jacobsen i 1928. Sidan har Matras og Jacobsen vore eit synonym for denne klassikaren som kom i nye utgåver i 1961, 1977 og 1995.

Matras utga også viktige utgåvar av Jens Christian Svabos og Johan Henrik Schrøters tidlege verk. Desse var dei første, som skreiv på færøysk og dei var derfor nødt til å sjølv skape ein færøysk ortografi. Denne var meir fonetisk enn den seinare rettskrivinga til Hammershaimb.

Stor innverknad på færøysk litteratur hadde også utgåva av Føroya kvæði : corpus carminum Færoensium, innsamla av Svend Grundtvig og Jørgen Bloch på 1800-talet. Dei færøyske kvada er her dokumentert i 7 bind, og utgjer ein viktig del av den færøyske kulturarva.

Matras omsette fleire bøker til færøysk: Gullivers reiser, Voltaires Candide, bøker av Heinesen og Jørgen-Frantz Jacobsens roman Barbara, som i 1939 blei skriven på dansk, og først i 1972 fanst på heimemålet.

Matras vart tildelt Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond i 1971.

Matras på norsk[endre | endre wikiteksten]

  • Dikt fra Færøyane : eit utvalg dikt. omsett og presentert av Anne-Kari Skarðhamar ; illustrasjonar: William Heinesen. Utgitt av Norsk-færøysk lag, 1993. 120 s.

Sekundærlitteratur[endre | endre wikiteksten]

  • W. Glyn Jones: «Nature and Man in Christian Matras's Poetry». I: Scandinavica, XIX, 1980, s. 181-97.
  • Anne-Kari Skarðhamar: «'Growing up on the Edge of the Abyss'. Childhood Impressions in the Poetry of Christian Matras». I: Scandinavica, XXXV, 1996, s. 71-104.
  • Anne-Kari Skarðhamar: «'Hella, hugur og tið' - tidserfaring i Christian Matras' diktning». I: Nordisk litteratur og mentalitet. 2000, s. 485-92.
  • Anne-Kari Skarðhamar: «Det farlige, det frygtelige, det mægtige’. Christian Matras’ naturlyrik». Edda, 2001, s. 396-405.
  • Anne-Kari Skarðhamar: Poetikk og livstolkning i Christian Matras' lyrikk : med et tillegg om Matras og færøysk lyrikk. Oslo: Unipub Forl, 2002 (Annales Societatis Scientiarum Færoensis : Supplementum ; 31). Doktoravhandling. - ISBN 82-7477-086-2

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]