Christian Olsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christian Olsson i 2010

John Christian Bert Olsson (fødd 25. januar 1980) er ein svensk, tidlegare friidrettsutøvar frå Göteborg som spesialiserte seg i tresteghopp. Han vart både olympisk meister, verdsmeister og to gongar europameister. Olsson vart svensk meister i tresteghopp fem gongar og ein gong i lengdehopp.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Olsson byrja som høgdehoppar. Han vart junior-europameister i øvinga i 1999, i tillegg fekk han sølv i tresteg-tevlinga i same meisterskapen. Sesongane 1999-2001 tok han medaljar i høgdehopp i den svenske senior-meisterskapen, i 2000 vart han svensk meister i tresteghopp for fyrste gong.

Det store gjennombrotet fekk Olsson i 2001 då han under verdsmeisterskapen i Edmonton for fyrste gong hoppa over 17 metter i tresteg og kom på sølvplassen, gullet tok Jonathan Edwards frå Storbritannia. Året etter slo han Edwards for fyrste gong og vart europameister i øvinga i München. I 2003 vart han suveren verdsmeister i Saint-Denis.

Vinteren 2004 sette Olsson verdsrekord innandørs med 17,83 m, då han vann hall-verdsmeisterskapen i Budapest. Under OL i Athen sigra han trestegfinalen på ny svensk rekord; 17,79 m, eit resultat som vart hans endeleg personlege rekord. Den 12. september vann han avslutningstevlinga i den såkalla «Golden League» og kunne dele gullpotten på 1 million US-dollar med Tonique William-Darling frå Bahamas, etter å ha vunne samtlege seks tevlingar i turneringa.

I 2005 var han skadd og deltok ikkje i VM, men året etter tok han sin andre EM-tittel i heimbyen Göteborg. Frå 2007-sesongen gjekk Olsson mykje skadd, og tevla berre i korte periodar. Han sleit også med å prestere på same nivå som han hadde gjort i sine beste sesongar.

Olsson vann trestegtevlinga i fem svensk meisterskap; 2000, 2001, 2003, 2009 og 2011. I 2006 vart han svensk meister i lengdehopp. Han noterte seg for fylgjande personlege rekordar; høgdehopp 2,24 m (2002), lengdehopp 7,69 m (2002) og tresteghopp 17,79 m (2004). Våren 2012 gjorde han kjent at han hadde lagt opp som friidrettsutøvar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]