Marian Oprea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marian Oprea


Statsborgarskap Romania
Fødd 6. juni 1982 (41 år)
Pitești
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Friidrett under Sommar-OL 2016

Marian Oprea (fødd 6. juni 1982) er ein rumensk tresteghoppar frå Pitești som vann OL-sølv i 2004 og VM-bronse i 2005, dessutan fekk han bronse i EM 2006 og sølv i EM 2010.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Opreas store gjennombrot kom under Sommar-OL 2004 i Aten, der han med 17,55 m vann sølvmedaljen. Året etter gjorde han sitt livs beste tresteghopp då han landa på 17,81 m under eit stemne i Lausanne i Sveits den 5. juli. Vel ein månad seinare vart han tredjemann i verdsmeisterskapen i Helsinki, med eit bestehopp på 17,40 hamna han to centimeter bak sølvvinnaren og ein cm framom nummer fire i tevlinga. Oprea tok ein ny bronsemedalje ved europameisterskapen 2006 i Göteborg. Etter ein femteplass i Beijing-OL 2008, hoppa Oprea 17,51 m i EM-finalen 2010 i Barcelona og vann sølvmedaljen, klart slått av briten Phillips Idowu som presterte sitt livs lengste tresteghopp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]