Christiane Rochefort
Christiane Rochefort | |
Pseudonym | Dominique Féjos |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 17. juli 1917 14. arrondissement |
Død |
24. april 1998 (80 år) |
Yrke | skribent, manusforfattar, omsetjar, journalist |
Språk | fransk |
Christiane Rochefort på Commons |
Christiane Rochefort (17. juli 1917–24. april 1998) var ein fransk feministisk forfattar.
Liv og virke[endre | endre wikiteksten]
Christiane Rochefort var fødd i eit venstredominert arbeidarklasseområde i Paris. Far hennar deltok i dei internasjonale brigadane under den spanske borgarkrigen.
Ho verka fyrst som journalist, og var pressattaché ved filmfestivalen i Cannes i femten år før ho gav ut den fyrste romanen sin, Le Repos du guerrier (Krigerens hvile), i 1958, som tek for seg kjønnsroller. Som fleire av dei seinare romanane hennar var Le Repos du guerrier ein bestseljar. I 1962 låg han til grunn for ein populær film regissert av Roger Vadim der Brigitte Bardot hadde ei av hovudrollene.
Romanane til Rochefort er delte mellom sosialrealistiske satirar om Frankrike i samtida og utopiske eller dystopiske fantasiar, ofte med sterke seksuelle innslag.
Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]
Rochefort vann Prix Médicis 1988.
Bibliografi i utval[endre | endre wikiteksten]
- Cendres et or" (1956)
- Le repos du guerrier (1958) – oms. til Krigerens hvile av Carl Hambro i 1960.
- Les petits enfants du siècle (1961) – engelske oms. Children of Heaven (1962) og Josyane and the Welfare (1963)
- Les stances à Sophie (1963) – svensk oms. I nöd och lust (1965)
- Une rose pour Morrison (1966) (dedisert til Mister Bob Dylan)
- Printemps au parking (1969), oms. til Faen, det er vår! av Jan Olav Gatland i 1987
- Archaos, ou le Jardin Etincelant (1972)
- Encore heureux qu'on va vers l'été (1975)
- Quand tu vas chez les femmes (1982)
- La porte du fond (1988) Prix Médicis (dedisert til Jeffrey Moussaieff Masson)
- Conversations sans paroles (1997)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Christiane Rochefort» frå Wikipedia på svensk, den 9. august 2023.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Bra Böckers lexikon, 1979
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene: