Dei internasjonale brigadane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flagget til Dei internasjonale brigadane

Dei internasjonale brigadane var frivillige militære einingar rekrutterte og utstyrte av Komintern. Dei stridde under den spanske borgarkrigen for den spanske republikken og den folkevalde regjeringa mot opprørseiningane som var leidde av Francisco Franco, og støtta av Mussolini og Hitler.

Brigadane vart skipa 9. oktober 1936. På denne dagen nådde dei første 650 frivillige hamna Alicante med damparen «Ciudad de Barcelona». Fullt oppsett skulle brigadane ha om lag 18 000 mann. På grunn av tapa i kampane nådde dei aldri dette talet, men om lag 40 000 menneske var innom brigadane. Av desse døydde meir enn helvta; i kamphandlingar, men òg somme i dei stalinistiske utreinskingane. Ein firedel av brigadistane var franske, det var 5 000 tyske og austerrikske, 4 000 italienske, og tilsaman 4 000 frå Canada og USA. Frå Noreg fór om lag 300 frivillige nedover, dei fleste stridde i den tysk-skandinaviske Thälmann-bataljonen. Over 100 norske fall i kampen mot fascismen i Spania.

Brigadane var ikkje godt utrusta, og dei var til dels hemma av språkproblem, men var svært motiverte. Allereide 5. november 1936 greip 1. bataljon med framgang inn i kampen om Madrid. Den 3. mars 1937 påførte brigadane det italienske ekspedisjonkorpset eit stort nedelag ved Guadalajara.

I 1938 tvinga Storbritannia og Frankrike den spanske regjeringa til å oppløyse desse frivillige einingane. Mange av dei stridande i brigadane fekk då proforma spansk statsborgarskap og vart tatt opp i den regulære spanske folkehæren.

Eit mørkt kapittel er dei stalinistiske utreinskingane, der folk frå brigadane var blant både gjerningsmenn og offer. I mai 1937 begynte striden mellom stalinistane på den eine sida og anarkistar og det venstresosialistiske POUM på den andre, særleg i og omkring Barcelona. POUM vart forbode, og leiaren Andres Nin, forsvann etter å ha vorte ført bort av stalinistiske agentar. Folk som Willy Brandt og George Orwell opplevde denne heksejakta på «trotskistar» på nært hald, og det gjorde dei monaleg meir kritisk til stalinistisk kommunisme. Bakgrunnen for oppgjeret var at Sovjetunionen ønskte ein breiast mogleg «folkefront», også med borgarlege krefter, og ein anti-tysk allianse med dei konservative i Storbritannia, mens venstresosialistar og anarkistar meinte berre ei vidareføring av den sosiale revolusjonen i Spania kunne mobilisere massane for republikken.

Dei internasjonale brigadane vart oppløyste i november 1938.

Kjende deltakarar[endre | endre wikiteksten]

Døme på kjende brigadistar:

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]