Christoph Martin Wieland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christoph Martin Wieland 1805

Christoph Martin Wieland (fødd 5. september 1733 i Oberholzheim (no del av Achstetten), død 20. januar 1813) var ein tysk diktar, forfattar og omsetjar.

Wieland var ved sida av Gotthold Ephraim Lessing, Georg Christoph Lichtenberg og Immanuel Kant, ein av dei viktigaste forfattarane i tyskspråklege område i opplysingstida. Han var den eldste av dei såkalla «fire stjernene frå Weimar» som danna kjernen i Weimarklassisismen. Dei øvrige var Johann Gottfried Herder, Johann Wolfgang von Goethe og Friedrich von Schiller.

Wieland er spesielt kjent for boka Geschichte des Agathon som kom ut i 1766-67, som reknast som den første tyske danningsromanen. I perioden 1762-66 omsette han 22 av Shakespeare sine i alt 37 drama til tysk. Han utgav tidsskriftet Der teutsche Markus i perioden 1773-89.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]