Johann Gottfried Herder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johann Gottfried Herder

Johann Gottfried Herder (25. august 174418. desember 1803), var ein tysk teolog, filosof og diktar knytt til opplysingstida, Sturm und Drang og Weimarklassisismen. Herder er mest kjend for å ha sett romantikken i gang på tysk område. Han nyoppdaga ord som kjensle, innleving og ikkje minst folk. Han skapte òg omgrepa folkemusikk og folkekultur.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Herder vart fødd i Mohrungen (polsk Morąg) den 25. august 1744, som son av klokkaren Gottfried Herder. Slekta hadde budd i eigna i mange år, og var opphavleg handverkarar. Familien kom frå vanlege kår. Mora var skomakardottera Elizabeth Pelz. Herder klaga seinare over at faren hadde gjeve han streng tukt i oppvekståra, men han sette mora svært høgt. Familien var svært religiøs og pietistisk orientert.

Herder utmerka seg på skolen, og fekk god oppfølgjing av skolemeisteren, som sytte for at han fekk privatundervisning. Herder hadde evner for musikk og språk. Han var kunnskapstørst, og las mykje, er det fortalt, men fekk ikkje mange vener i oppvekståra.

Då Herder var 17 år, tok han inn hjå ein diakon, som ville ha han som skrivar. Her fekk han lese meir vidarekommande litteratur, og kunne førebu seg på universitetet. Herder reiste frå Mohrungen 18 år gamal, i 1762, og kom til Königsberg.

Studietida[endre | endre wikiteksten]

I Königsberg studerte Herder teologi, sjølv om han opphavleg skulle ha studert medisin. Han møtte Immanuel Kant, som gjorde varug inntrykk på han, og Herder følgde forelesingane til denne filosofen. Dei var svært ulike, og Herder la vinn på kjensler, medan Kant var oppteken av den klåre tankegangen og stringent fornuft. Herder las og Jean-Jacques Rousseau i denne tida. Han var og påverka av Johann Georg Hamann, som var far til Sturm und Drang-rørsla. Hamann lærte Herder til å stille seg kritisk til opplysningstida og dei klassiske ideala på 1700-talet. Desse ulike straumdraga var det Herder seinare freista å sameine i ein ny tenkemåte.

Riga[endre | endre wikiteksten]

I 1764 kom Herder til Riga, der han tok til å arbeide som lærar ved universitetet i byen. Det budde mange tyskarar i byen, men desse var no underlagt Russland. I møtet med desse oppdaga Herder ei ny samkjensle, som gav utslag i tankar om nasjonalkjensle. Herder skjøna at eit folk med same språk og kultur eig ei samkjensle han meinte å kunne definere. Han tok til å nytte omgrepet Volkstum på denne tida, eit ord det ikkje er lett å omsetja frå tysk. I Riga skreiv han det første verket sitt, Fragmente über die neuere deutsche Literatur (1766). Her argumenterte han for ei tysk nasjonal røyst, heller enn å finne førebilete andre stader. Litteraturen skulle dømast historisk, ikkje etter reglar.

Kritische Wälder[endre | endre wikiteksten]

Herder gav ut den neste boka si, Kritische Wälder, i 1769. Her tok han eit oppgjer med dei klassiske ideala som hadde rådd frå renessansen, og ivra for folkedikting og folketradisjon som litterær kjelde. Han kravde rom for røynsle og natur heller enn rasjonalisme, for kjensler og innleving. Verket varsla eit nytt romantisk straumdrag i tida. Boka vakte debatt, og Herder braut med tida opp og reiste frå Riga. Dei neste tre åra var han mykje på reise, først til Nantes. Sidan kom han til Paris, men vart vonsviken over kulturen i Frankrike, som han meinte var på veg ned. Sidan kom han til Strasbourg, og på vegen vidare råka han på Johann Wolfgang von Goethe, og desse to fann kvarandre på staden.

Herder synte stor virketrang i desse åra, hadde mange idear og store syner. Han ønskte å skifte på heile det menneskelege tenkesettet, utan å lykkast heilt med dette.

Bückeburg[endre | endre wikiteksten]

Frå 1771 til 1776 budde Herder i Bückeburg, men treivst ikkje heilt i byen. Han vart gift med Karoline Flachsland i 1772, og fekk seks born med henne. Han skreiv opptakta til ein historiefilosofi i 1774, Auch eine Philosophie der Gechichte. Her sette han fram tanken om ein organisk historiemodell, der kvar kultur laut sjåast som eit menneske, med ulike livsfaser. Herder synte no tydeleg anti-positivistiske haldningar, og gav uttrykk for at han ikkje lika teknologisk framsteg.

Weimar[endre | endre wikiteksten]

I 1776 flytte familien Herder til Weimar for å vera hofflærar der. I desse åra skreiv han dei største verka sine, mellom dei Ideen zur Philosophie der Geshichte der Menschheit, som bygde vidare på historiefilosofien frå 1774. Verket kom i fleire band fram til 1792, men vart aldri fullført. Her la han fram grunnfilosofien sin.

Herder budde i Weimar til han døydde i 1803, med unnatak av ei reise til Italia i 1788. Dei siste åra var ikkje lette for han. Frå tidlege år var han plaga av ein augesjukdom, som vart verre medan han vart eldre. Han var òg noko vrang av seg, og rauk med tida uklår med Goethe. Dette skuldast til ei mon Friedrich Schiller, som hadde meir sans for Immanuel Kant enn Herder hadde, og dette tolte ikkje Herder. Dei var ikkje samde om kunstsynet heller. Dei siste åra låg Herder i stadig polemikk med Kant-tilhengjarane. Dette kom til å skade han ein del, og Herder har sidan kome til å leva i skuggen av minnet om Kant. Han døydde av ein leversjukdom den 18. desember 1803, og er gravlagt i Weimar.

Verknad[endre | endre wikiteksten]

Herder kom til å tyde mykje for romantikken, og utviklinga av ei ny kjensle for historieforsking og folkeminne. Han var ein av dei første som samla og gav ut folkeviser, og såg verdet av ulike folkekulturar. Visesamlinga hans er særeigen av di han samla stoff frå heile Europa og lenger unna, og såg alle kulturar som likestilte. Lærdomen hans var at alle folk hadde kvar sin identitet og soge som dei skulle ta vare på.[1] Tankegangen kom til å tyde mykje for åndsutviklinga på 1800-talet, sjølv om han vart sett til sides i fagfilosofien på grunn av Kant.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Votruba, Martin. «Herder on Language and Nation». Slovak Studies Program. University of Pittsburgh. http://www.pitt.edu/~votruba/sstopics/slovaklawsonlanguage/Herder_on_Language.pdf. Henta 2010-07-01.