Weimar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Weimar
Rådhuset i Weimar
Rådhuset i Weimar
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Weimar
Weimar is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Thüringen
Ingen
Kreisfri by
Grunnlagd 995
Geografi
Flatevidd
 - By

84,26 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

64 733
  764/km²
Koordinatar 50°59′50″N 11°19′0″EKoordinatar: 50°59′50″N 11°19′0″E
Høgd over havet 208 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 99401–99441
Telefon-retningsnummer 03643, 036453
Bilnummer WE
Heimeside: www.weimar.de

Weimar er ein by i Tyskland i delstaten Thüringen med om lag 65 000 innbyggjarar. Byen ligg nord for Thüringer Wald, aust for Erfurt og sørvest for Halle og Leipzig. Dei eldste dokumenta om byen går tilbake til 899. Weimar vart hovudstad i hertugdømet (etter 1815 storhertugdøme) Sachsen-Weimar.

Her budde mellom anna Johann Wolfgang von Goethe. Goethe sin venskap med Friedrich von Schiller i tida 1794 til Schiller døydde i 1805 er rekna å ha grunnleggjande tyding for tysk litteratur og kultur. Goethe sitt hus i Weimar er i dag eit museum. I 1999 var Weimar europeisk kulturhovudstad. Samstundes vart Goethe sin 200-årsdag feira med ei rad tilskipingar i Tyskland og andre stader.

Weimar har mellom anna eit stort bibliotek frå 1691 kalla Herzogin-Anna-Amalia-Bibliothek. Delar av biblioteket vart den 3. september 2004 øydelagd av brann. Bibliokteket står i dag på UNESCO si verdsarvliste.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Minnesmerke over Goethe og Schiller i Weimar

Tida 1919 til 1933 i tysk historie vert ofte referert til som Weimarrepublikken. Grunnlova til republikken vart vedteken i Weimar, den såkalla Weimargrunnlova. Berlin var for uroleg etter den tyske novemberrevolusjonen til at den tyske riksdagen ville møtast og drøfta dette der.

Weimar var òg senter for Bauhaus-rørsla, og byen har ei rad kunstgalleri, museum, det tyske nasjonalteatret og Bauhaus-universitetet. Frå sommaren 1937 til etter andre verdskrig låg det ein konsentrasjonsleir i Buchenwald ved Weimar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Weimar