Col de la Bonette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
xx
Col de la Bonette
Passovergangen med sløyfa rundt Cime de la Bonette
Passovergangen med sløyfa rundt Cime de la Bonette

Passovergangen med sløyfa rundt Cime de la Bonette

Nord Søraust
Passhøgd 2 715 m
Departement Alpes-de-Haute-Provence, Frankrike Alpes-Maritimes, Frankrike
Vasskilje Ubaye Tinée
Stader Jausiers Saint-Étienne
Samband Passveg
Bygd 1960–1961
Vinterstengt 1. oktober - 15. juni
Fjellområde Dei maritime Alpane
Profil
Stigning (snitt) 6,8 % (1 502 m / 22 km) 6,5 % (1 565 m / 24 km)
Stigning (maks) 9,0 % (ved km 14) 15,0 % (ved km 12)
Kart
Col de la Bonette (Alpen)
Col de la Bonette (Alpen)
Col de la Bonette
Col de la Bonette
x
Koordinatar 44° 19′ 36″ N, 6° 48′ 26″ AKoordinatar: 44° 19′ 36″ N, 6° 48′ 26″ A

Col de la Bonette er eit 2 715 m høgt fjellpass i dei franske maritime Alpane nær grensa til Italia.

Passhøgda dannar grensa mellom departementa Alpes-de-Haute-Provence og Alpes-Maritimes. Den smale, men gjennomgåande asfalterte vegen SG 3, knyter saman Ubaye-dalen ved Jausiers (1 240 m) med Tinée-dalen ved Saint-Étienne-de-Tinée (1 144 m). Passet blir danna av toppane Cime de la Bonette (2 860 moh) og Cime des Trois Serrières (2 753 moh).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå 1890 og framover blei fleire militæranlegg bygd opp, to av dei ligg rett ved vegen. Bunkersanlegg i samband med Maginotlinja vart sett opp i åra 1931–1940.[1] Dagens veg – bygd i 1960–1961 – er i vår tid lite viktig trafikalt.

Tour de France[endre | endre wikiteksten]

Passet har stått på Tour de France-programmet i 1962, 1964, 1993 og 2008.

År Etappe Kategori Start Mål Leiar over høgda
2008 16 HC Cuneo Jausiers John-Lee Augustyn
1993 11 HC Serre-Chevalier Isola 2000 Robert Millar
1964 9 1 Briançon Monaco Federico Bahamontes
1962 18 1 Antibes-Juan-les-Pins Briançon Federico Bahamontes

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Infotavler ved Casernes de Restefond

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]