World Geodetic System 1984

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

World Geodetic System 1984 (WGS 84) er eit geodetisk referansesystem som blir nytta som det einskapelege grunnlaget for posisjonsfastsetting på jorda og det jordnære verdsrommet.

WGS 84 frå 1984 er gjeldande revisjon; tidlegare revisjonar var WGS 72, WGS 64 og WGS 60.

Det satellittbaserte navigasjonssystemet GPS er blant anna basert på WGS 84, og alle nye norske kart blir laga etter dette referansesystemet.

Komponentar[endre | endre wikiteksten]

Geodetisk datum, eit koordinatsystem for jorda basert på ein ellipsoide.

Systemet er bygd opp av:

  • Ein referanseellipsoide som på enklast og best mogleg måte er tilpassa jordoverflata slik at den kan brukast til å gje posisjonar med geografisk lengde og breidde.
  • Ein detaljert modell av jordforma, som jo avvik frå den idealiserte forma – ein såkalla geoide. Den gjeldande er EGM96 (Earth Gravitational Model 1996).
  • Eit sett med dei tredimensjonale koordinatane til tolv fundamentalstasjonar som er spreidde over jorda for å skape ei på jordbasert forankring av modellen over.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]