Col legno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Col legno (it., ‘med treet’) er ein speleteknikkstrykeinstrument der ein slår eller stryk bogen over strengene med tresida i staden for hårsida.

Når ein spelar col legno blir tonen nærmast hås og kviskrande med mykje friksjonslyd. Col legno-spel kan vera sul tasto (over gripebrettet) for å gjera tonen meir mjuk og kviskrande eller ponticello (nærme stolen) for å gjera tonen meir sprø og hås. Vanlegvis slår ein strengene med bogen når ein spelar col legno — ein teknikk som meir presist blir kalla col legno battuto; men uttrykka col legno arco eller col legno tratto tyder at musikaren skal draga bogen over strengen, slik ein vanlegvis bruker hårsida. Oppheving av col legno-parti blir markert med col crine (‘med håra’).

Den første komponisten vi veit brukte col legno var Joseph Haydn. Fiolin, bratsj, cello og kontrabass er døme på musikkinstrument som ofte brukar stilen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]