Commodore 65

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Commodore 65
Commodore 65
Type Personleg datamaskin
Utviklar Commodore Business Machines
Lansert
Produksjonstopp
Prosessor CSG 4510 R3 @ 3.54 MHz
Minne 128KB (Maks. 8MB)
Operativsystem Commodore BASIC 10.0

Commodore 65 (óg kjend som C64DX, må ikkje forvekslast med den bærbare Commodore SX-64) var ein prototypedatamaskin utvikla av Fred Bowen og andre ved Commodore Business Machines (del av Commodore International) i 199091. Prosjektet vart kansellertav administrerande direktøren Irving Gould.

Commodore 65 var ein forbetra versjon av Commodore 64.Den var meint å vere bakoverkompatibel med den eldre forgjengaren samtidig som den hadde fleire avanserte funksjonar i nivå i nærleiken av Amiga.

Då Commodore International gjekk konkurs i 1994 vart ei rekkje prototypar seld på det opne marknaden, noko som gjorde at om lag 50-2000 eksemplar hamna i private hender.

Tekniske spesifikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Prossessoren var ein CSG 4510 R3 med kodenamnet Victor som hadde ein fart på 3.54 MHz
  • Grafikkbrikka var ein CSG* 4567 R5 med kodenamnet Bill som var i stand til å vise 256 fargar, ut av ein fargepalett på 4096 fargar.
  • Lydbrikka var to stykk CSG* 8580R5 SID som produserte stereo lyd (Commodore 64 hadde berre ein SID)
  • 128 KB RAM, oppgraderbar til 8 MB ved hjelp av RAM expansion port lik den for Commodore Amiga 500
  • Kraftig forbetra BASIC: Commodore BASIC 10.0 (Commodore 64 hadde "berre" BASIC 2.0, som, var omtrent 10 år gamalt på denne tida.)
  • Ein føreslått spesifikasjkon som aldri vart implentert den endelege prototypen var intern 3½" diskettstasjon
(* CSG = Commodore Semiconductor Group, Tidlegare kjend som MOS Technology, Inc.)


Mikrodatamaskinar frå Commodore

MOS Technology 6502-baserte (8-bit):   MOS/CBM KIM-1 | PET/CBM | CBM-II) | VIC-20 | C64 | C16 & 116 | Plus/4 | C128

M68K-baserte (16/32-bit):   Amiga 1000 | Amiga 500 | Amiga 2000 | Amiga 500+ | Amiga 2500 | Amiga 3000, UX, T | Amiga 600 | Amiga 1200 | Amiga 4000