Commodore International

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Commodore PR-100
Commodore PET
Commodore 64
Commodore Amiga 1000

Commodore International også kjend som Commodore Business Machines var eit amerikansk føretak som vart starta av den polske emigranten Jack Tramiel i 1954. Føretaket som er mest kjend for å produsere ei rekkje heimedatamaskiner på 80 og byrjinga av 90 talet, byrja med å lage kontormøblar, skrivemaskinar og kalkulatorar. I 1975 byrja underleverandøren Texas Instruments å produsere sine eigne kalkulatorar og Commodore kunne ikkje konkurrere på pris. Året etter kjøpte Tramiel difor MOS Technology, ein annan produsent av mikrobrikker som då hadde sine eigne økonomiske problem.

Etter å ha bli overtalt av Chuck Peddle, mannen bak MOS 6502 mikroprosessoren, om at kalkulatorar ikkje tente seg lenger og at heimedatamaskiner var den lønsame vegen å gå, lanserte Commodore modellen Commodore PET, ein innkapsla KIM-1 med skjerm og kassettspelar. PET gjorde det bra som undervisningsverktøy på skular, men ikkje like bra i heimen der grafikk og lyd var viktig. Commodore lanserte då Commodore Vic-20 i 1981 og marknadsførte maskina aggresivt, blant anna med Star Trek skodespelaren William Shatner.

I 1982 kom Commodore 64 som vart veldig populær i Europa, men i England møtte Commodore motstand i britiske ZX Spectrum.I 1983 kutta Commodore prisane på Vic 20 og Commodore 64. Snart kom ein priskrig som involverte Commodore, Atari, Texas Instruments og nær sagt alle andre produsentar forutan Apple. Resultatet vart at TI trekte seg frå datamaskinmarknaden, Atari gjekk nær konkurs men det gjorde andre mindre føretak. Styret i Commodore fekk kalde føter og det byrja ein intern maktkamp som enda med at Jack Tramiel forlet Commodore og seinare kjøpte opp Atari.

Frå no av fylgde tida utan Tramiel, Commodore lanserte Commodore 16 og Plus/4. To småbrør av Commodore 64 som ikkje selde så godt som storebror. Då hadde Commodore meir suksess med Commodore 128 som var kompatibel med Commodore 64, men dette slo tilbake på Commodore ettersom lite programvare vart laga for maskina då folk kunne køyre programmvara i C64 modus istaden.

Då Commodore kjøpte opp føretaket Amiga Corporation i 1984, kom ei rekkje Commodore Amiga modeller. Den første var Amiga 1000 i 1985. Commodore forsøkte seg og på å lage personlege datamaskinar ei stund.

Commodore gjekk konkurs 29. april 1994, etter år med negativ omtale og dårleg sal. Merkevarane Amiga og Commodore vart seld til det tyske dataføretaket ESCOM som sjølv gjekk konkurs i 1996. Amigamerket vart så seld til Gateway, Inc som selde det vidare i 2000 til Amiga, Inc som har dei intellektuelle rettane i dag.

Då ESCOM gjekk konkurs vart Commodore merket vidareseld til Tulip Computers. Inntil 2003 var det nederlandske føretaket berre eit spørrespel spørsmål då føretaket melde om at det ville lansere Commodore relaterte produktar. Ved slutten av 2004 selde Tulip merkevaret Commodore til Yeahronimo Media Ventures som skifta namn til Commodore International BV.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Mikrodatamaskinar frå Commodore

MOS Technology 6502-baserte (8-bit):   MOS/CBM KIM-1 | PET/CBM | CBM-II) | VIC-20 | C64 | C16 & 116 | Plus/4 | C128

M68K-baserte (16/32-bit):   Amiga 1000 | Amiga 500 | Amiga 2000 | Amiga 500+ | Amiga 2500 | Amiga 3000, UX, T | Amiga 600 | Amiga 1200 | Amiga 4000