Commonwealth Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 66°54′S 142°40′E
Commonwealth Bay
bukt
none  Ein fotokopi av Commonwealth Bay, teken uner Den australasiatiske antarktisekspedisjonen i 1912.
Ein fotokopi av Commonwealth Bay, teken uner Den australasiatiske antarktisekspedisjonen i 1912.
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
koordinatar 66°54′S 142°40′E
Breidde 48 km
Administrert under Antarktistraktaten
Commonwealth Bay is located in Antarktis
Commonwealth Bay (Antarktis)

Commonwealth Bay er ei open bukt kring 48 km brei mellom Point Alden og Cape Gray i Antarktis. Ho vart oppdaga i 1912 av Den australasiatiske antarktisekspedisjonen under Douglas Mawson, som oppretta hovudbasen til ekspedisjon ved Cape Denison inst i bukta. Ho vart namngjeven av Den australasiatiske antarktisekspedisjonen etter Det australske Samveldet (Commonwealth på engelsk).

Katabatiske vindar[endre | endre wikiteksten]

Bukta er oppført i Guinness Rekordbok og den åttande utgåva av National Geographic Atlas som den mest vindfulle staden på jorda med vindar ofte over 240 kilometer i timen (66 m/s) og ein årleg middelvind på 80 km/t (22 m/s).[1]

Dei kraftige vindane kjem av katabatisk vind, som er kaldluft som strøymer ned bratte, isdekte overflater mot sjøen. Luftstraumen her vert akselerert av den aukande hellinga til isoverflata og klippa ved Cape Denison.[1] Om sommaren er det periodar med relativt rolege vindar, men vinterstormane kan vere særleg lange og kraftige, og kan både starte og slutte brått og uventa. Ein brå start og slutt på stormane kan kome i lag med kraftige virvelstraumar og skyer som flyttar seg raskt langs kysten.[2]

Trass i det ekstreme veret er kysten av Commonwealth Bay eit viktig hekkeområde for antarktispetrellar, keisarpingvinar og adeliepingvinar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Katabatic winds at Commonwealth Bay, Wondermondo, 27 September 2010, http://www.wondermondo.com/Countries/An/Antarctica/Antarctica/Commonwealth.htm 
  2. Ball, F.K. (1956), The Katabatic Winds of Adelie Land and King George V Land. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]