Consort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Consort of instruments er eit gammalt engelsk omgrep frå 1500- og 1600-talet som vart nytta om instrumentalensemble.

I renessansen var consort-musikken vanlegvis ikkje instrumentspesifikk slik at utøvarane stod fritt i val av instrument. Nesten alle instrumenta vart laga i grupper eller familiar frå sopran til bass-instrument, der dei viktigaste familiane var blokkfløyter og gamber.

Eit consort der alle instrumenta var av same familie, til dømes ein gambeconsort, vart kalla whole consort. Det var òg vanleg å blande instrumenter frå ulike familiar og slike vart kalla broken consort.

Komponistar som skreiv consortmusikk i den elizabethanske tida (1558–1603) var John Dowland, Anthony Holborne og William Byrd. Dei viktigaste komponistane frå jacobinsk tid (1603–1625) var Thomas Lupo, Orlando Gibbons, John Coprario og Alfonso Ferrabosco. Av komponistar seinare på 1600-talet kan nemnast Christopher Simpson, William Lawes og Henry Purcell.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]