William Byrd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
William Byrd
William Byrd.jpg
Fødd Om lag 1540, Lincolnshire i England
Død 4. juli 1623, Stondon Massey i Essex i England
Sjanger Renessansemusikk
Aktive år 1575-1614
Yrke Komponist, organist

William Byrd (født 1540 eller seint 1539, død 4. juli 1623) var ein av dei mest sentrale engelske komponistane i renessansen. Han voks opp som katolikk under dei store skiftingane i den engelske kyrkja og dette sette sitt preg på komponisten. Ein kjenner lite til dei yngre leveåra hans, men ein meiner at han var korgut i anten Westminster Abbey eller ved Det kongelege kapellet i London. I 1563 fekk han stilling som organist ved Lincoln Cathedral, ei stilling han hadde fram til 1572.

Alt før han hadde avslutta stillinga si i Lincoln, i 1569 eller 1570, fekk han tilbod om jobb som gentleman (songar) ved koret i Det Kongelege Kapellet i London, fordi ein av dei faste medlemmene i dette koret, Robert Parsons, drukna i ei tragisk ulukke i River Trent. Her fekk han jobbe under dronning Elisabeth og i tillegg til å verke som songar, delte han òg organistarbeidet med den viktige komponisten Thomas Tallis, ein nær ven som vert rekna som læraren til Byrd. Med løyve frå dronninga mottok desse to komponistane einerett på utgjeving av musikk i 1575, det første av sitt slag i England og dette monopolet gjorde sjølvsagt at samarbeidet deira berre vart endå tettare. Som eit direkte resultat av denne posisjonen, gav Tallis og Byrd ut ei motettsamling saman same året, «Cantiones Sacrae», der begge komponistane hadde medverka med 17 motettar kvar, truleg for å hylle dronning Elisabeth, som til då hadde regjert i nettopp 17 år. Bortsett frå motettsamlinga var ikkje samarbeidet deira spesielt fruktbart og etter at Tallis døydde i 1585, fekk Byrd ha denne utgjevarretten heilt åleine fram til 1596, då Thomas Morley overtok.

Byrd flytta til Harlington i London i 1577 og budde der fram til tidleg på 1590-talet, før han flytte vidare til Stondon Massey i Essex, der han levde fram til han døydde 4. juli 1623. Rettnok viser register at Byrd heldt fram virket sitt i Det Kongelege Kapellet, og ein kan lure på kva som var årsaka til at han flytte frå London. Kanskje Byrd vart lei av hofflivet eller kanskje han rett og slett vantreivst som katolikk i eit protestantisk miljø. Ved å flytte til Essex oppnådde han i alle fall det å kunne leve ut den personlege trua si i langt tryggare omgjevnader. Som kjent så var det å sverje til ei anna kyrkje enn den gjeldande statskyrkja på denne tida ganske farleg, sidan mange vart avretta nettopp på grunn av slike haldningar. Særleg under dronning Maria Tudor, med tilnamnet «den Blodige», var dette direkte livsfarleg, men heller ikkje Elisabeth viste nokon nåde, trass i at ho var noko meir open omkring religionsspørsmålet.

Av dei mange verka til Byrds er det verdt å trekkje fram messene hans, «Cantiones Sacrae», «Gradualia», «Psalmes, Songs and Sonnets» og «The Great Service».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]