Cornelius Bynkershoek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cornelius Bynkershoek

Cornelius van Bynkershoek (29. mai 167316. april 1743), moderne nederlandsk Bijnkershoek. var ein nederlandsk jurist og rettsteoretikar som bidrog til utviklinga av internasjonal juss i verk som De foro legatorum (1702); Observationes Juris Romani (1710), De Dominio Maris (1721) og Quaestiones Juris Publici (1737). Han var særleg viktig for utviklinga av havrett, der han hevda at kyststatar hadde rett på vassområda som låg ved kysten deira.

Statue av Bynkershoek i Haag.

Bynkershoek var fødd i Middelburg i den nederlandske provinsen Zeeland. Han studerte juss ved Universitetet i Franeker. Frå 1704 til 1724 var han dommar ved høgsteretten for Holland, Zeeland og Vest-Friesland, og deretter president for retten ut livet. Bynkershoek døydde i Haag, 69 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]