Crati

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Crati
Crati i Calabria
Crati i Calabria
Utspring Silafjella
- Høgd 1 742 moh
Munning Tarantobukta
Land i nedslagsfelt Italia
Lengd 91 km
Nedslagsfelt 2 440 km²

Crati (i antikken kallar Crathis eller Crater) er ei av dei viktigaste elvane i Bruttium (det moderne Calabria) og i nordlege område danna ho grensa til Lucania. Ho har sitt utspring i den sentrale fjellkjeda, Silafjella, i Bruttium, eit par kilometer sør for Consentia (i dag Cosenza) og renn ved bymurane til byen. Ho renn nordover, om lag midt på halvøya Calabriafram til grensa til Lucania, der ho brått snur austover og munnar ut i Tarantobukta, like sør for den antikke byen Thurii.

Ei av sideelvane til Crati er Coscile (i antikken kalla Sybaris). Sletta som Crati renn over var i antikken kjend som ein frodig stad, men i dag er ho myrlendt.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]