Silafjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sila nasjonalpark

Silafjella (italiensk La Sila) er eit fjellplatå og ein historisk region i Calabria, sør i Italia. Han ligg i provinsane Crotone, Cosenza og Catanzaro. Fjella er delt inn (frå nord til sør) i Sila Greca, Sila Grande og Sila Piccola. Dei høgaste toppane er Botte Donato (1 928 m) i Sila Grande, og Monte Gariglione (1 764 m) i Sila Piccola.

Silafjella er ein del av Sila nasjonalpark, eller Parco Nazionale della Sila, som vart oppretta i 2002.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første kjende busetjarane på Silaplatået var folket som utgjorde Brutium, ei gamal stamme av gjetarar og bønder. Etter øydeleggjinga av Sybaris i 510 f.Kr. fekk Roma meir påverknad over Calabria, inkludert Sila. Seinare vart området okkupert av austgotarar, austromarar og frå 1000-talet italo-normannarar. Sistnemnde oppretta fleire kloster i området, som Matina av San Marco Argentano, Sambucina ved Luzzi og Florensekloster ved San Giovanni in Fiore, grunnlagd av Joachim av Fiore.

I 1448-1535 slo emigrantar frå Albania seg ned i området mot Det joniske havet og danna samfunnet som vert kalla Sila Greca («Gresk Sila»). I dag er det 30 kommunar i Sila der albansk språk er bevart.

Etter at området vart ein del av Italia på 1800-talet vart Sila ein base for røvarar. Området vart svært isolert om vinteren og nye vegar vart bygd for å betre dette, inkludert vegen Paola-Cosenza-Crotone og fjelljernbanar som Cosenza-Camigliatello Silano-San Giovanni in Fiore og Paola-Cosenza .

I dag er det aukande grad av turisme i området.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sila nasjonalpark Sila Calabria

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 39°22′N 16°30′E