Creative Commons

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Creative Commons

Typeideell organisasjon
Skipa15. januar 2001
HovudkontorMountain View
Verkeområdeverdsfemnande
TenesterCreative Commons-lisens
Omsetjing3 267 812 US-dollar (2019) Sjå dette på Wikidata
Donasjonar2 736 370 US-dollar (2019) Sjå dette på Wikidata
Tilsette147 Sjå dette på Wikidata
MottoCreative Commons develops, supports, and stewards legal and technical infrastructure that maximizes digital creativity, sharing, and innovation.
Nettstadhttps://creativecommons.org/ Sjå dette på Wikidata

Creative Commons er ein organisasjon som har som mål å gjera det enklare å spreia kultur ved å gjera fleire litterære og kunstnariske verk lovleg tilgjengelege for kopiering og endring. For å gjera dette har dei etablert ein mellomting mellom tradisjonell opphavsrett og offentleg eigedom.

Organisasjonen har mellom anna stått for utviklinga av ei rekke lisensar som ein opphavsrettshaldar kan bruka til å avgrensa opphavsretten sin så mykje han vil. Lisensane er formulerte på eit enkelt språk og markerte med logoar med peikarar til ein meir detaljert omtale. Dei blei opphavleg utforma med tanke på rettssystemet i USA, men internasjonale medlemmer frå fleire land har òg prøvd å tilpassa dei til sine rettsområde.


Historie[endre | endre wikiteksten]

I 2001 vart Creative Commons grunnlagt i USA med støtte frå Centre for the Public Domain. Grunnleggjarane var Lawrence Lessig, Hal Abelson og Eric Eldred. Den første lisensen vart publisert i 2002. I 2008 var det ca. 130 millionar verk under varierande lisensar, og i laupet av 2011 var det over 200 millionar verk på Flickr åleine. I dag vert organisasjonen leda av eit eige styre.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Gjennom åndsverklova heiter det når ein person skaper litterære eller kunstnariske verk, «§ 1. Den som skaper et åndsverk, har opphavsrett til verket». Dette vernet inneber at skaparen har einerett på verket, og det er forbode for andre personar å gjere endringar eller kopiere verket for å seinare publisere verket offentleg. Med den amerikanske åndsverkslova og opphavsretten som bakgrunn, vart Creative Commons grunnlagt for å skape eit rammeverk der opphavspersonen kunne dele eineretten til verket sitt, og på denne måten unngå at det måtte inngåast individuelle avtalar med opphavspersonen om ein ville nytte seg av eit verk. For å på best mogeleg måte tilpasse denne delinga etter opphavspersonen sitt ønske, har organisasjonen utvikla lisensar (avtalar) der opphavspersonen kan reservere seg visse rettigheitar, og enkelt velje kva rettigheitar ein vil behalde, og kva rettigheitar ein gir brukaren.

Ifølgje den norske nettsida til Creative Commons er tanken bak å:

«…tilby brukere en lisens som åpner opp for visse former for bruk og gjenbruk. Dermed kan tilgjengeleggjering og gjenbruk som dekkes av
lisensen skje umiddelbart, uten at det er nødvendig å bruke tid og krefter på å kontakte rettighetshaver for å klarere bruk som 
omfattes av lisensen.»


Dermed vil ein brukar som vil endre på eit bilete for å så publisere, kunne gjere dette utan å måtte spørje om løyve, såframt opphavsmannen til biletet har tillate det.

Dei ulike lisenselementa[endre | endre wikiteksten]

Namngjeving

Namngjeving: Lisenselementet namngjeving er eit element som ikkje kan veljast bort. Elementet er påbode, og opphavspersonen må alltid oppgi namn. Dette er også i samsvar med norsk lov.

Ingen endringar: Dette elementet tillèt berre spreiing og bruk av verket i uendra tilstand. Redigering av verket er forbode.

Ingen endringar

Ikkje-kommersiell: Elementet «Ikkje-kommersiell» er berekna på åndsverk som ikkje skal nyttast til kommersiell bruk.

Ikkje-kommersiell

Deling på same premissar: Under elementet «Deling på same premissar» ligg eit påbod om at redigering av verket berre kan spreiast på same premissar som det originale åndsverket.

Deling på same premissar


Dei ulike lisensane[endre | endre wikiteksten]

Utifrå lisenselementa er det danna seks lisensar som er grunnlaget for Creative Commons:

  • Namngjeving
  • Namngjeving + Deling på same premissar
  • Namngjeving + Ingen endringar
  • Namngjeving + Ikkje-kommersiell
  • Namngjeving + Ikkje-kommersiell + Deling på same premissar
  • Namngjeving + Ikkje-kommersiell + Ingen endringar

Bruk av Creative Commons[endre | endre wikiteksten]

Creative Commons vert brukt av fleire nettsider for å sikre brukarane sine rettigheitar i forhold til deling og bruk. Døme på slike sider er blant anna Flickr, Deviantart og SoundCloud.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]