Opphavsrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Copyright-symbolet vert ofte brukt for å gjere brukarar av verket merksam på opphavsretten, og dei avgrensingane den fører med seg.

Opphavsrett er den retten skaparen av eit litterært, vitskapleg eller kunstnarisk åndsverk har til verket. Opphavsretten oppstår automatisk når det skapte verket oppnår verkshøgd, og treng ikkje blir hevda gjennom registrering eller liknande. Det er heller ikkje noko vilkår for å hevde opphavsrett at ein merkjer utgivingar av verket med copyright-symbolet (©). Når dette likevel ofte blir gjort er det for å gjere brukarar av verket merksam på opphavsretten, og dei avgrensingane den fører med seg med omsyn til utnytting av verket. Opphavsretten vernar utforminga av verket, men derimot ikkje idear, teknikkar, kunnskap eller metodar. Det er måten ideane, kunnskapen og metodane kjem til uttrykk gjennom opphavsmannen sin skapande innsats som blir verna, ikkje ideane, kunnskapen eller metodane i seg sjølve.

Den som har skapt verket kan velje å la andre fritt få lov til å utnytte det, eventuelt at det kan utnyttast på visse måtar og på nærmare vilkår. Han kan òg velje å overdra opphavsretten heilt eller delvis. Vernet er tidsavgrensa.

Opphavsretten er ei grein innan immaterialretten, som regulerer rettar til ikkje-fysiske objekt.

Historia til opphavsretten[endre | endre wikiteksten]

Den første lova om opphavsrett kom i Storbritannia i 1710, då Det britiske parlamentet vedtok The Statute of Anne. Denne lova gav forfattarar eller forlag ein einerett på 14 år til å trykkje bøkene sine. Eineretten kunne fornyast ein gong om forfattaren framleis var i live. Eineretten omfatta berre boktrykking, og regulerte ikkje ting som omsettingar av litterære verk eller oppsettingar av skodespel. Utover på 1700-talet arbeidde forleggjarane med å få vernetida utvida, og dei gjekk til retten for å gjere eineretten evigvarande. Dette stridstemaet vart ikkje avklåra før ved ei rettsavgjerd i House of Lords (som er Storbritannias høgsterett) i 1774, der idéen om ein evigvarande opphavsrett vart forkasta. Avgjerda skapte omgrepet «public domain», verk der opphavsmannen sin kontroll over bruken var stoppa.[1]

Sambandsstatane fekk den første føderale lova om opphavsrett i 1790. Den amerikanske grunnlova gjev Kongressen høve til å «fremje vitskap og kunst» ved å gje forfattarar og oppfinnarar ein tidsavgrensa einerett[2]. Som i Storbritannia varte eineretten opphavleg i 14 år, med høve til å fornye den éin gong. For at eit verk skulle omfattast av opphavsretten måte opphavsretten bli registrert i eit offentleg register, noko som vart gjort for omtrent 5 % av alle publiserte verk. Vernetida vart utvida i 1831 og i 1909, og sida 1962 har vernetida blitt utvida heile 11 gonger. Den siste utvidinga kom i 1998 med Sonny Bono Copyright Term Extension Act, noko som sette vernetida til opphavsmannen si levetid + 70 år.[3]

I løpet av attenhundretalet voks òg opphavsretten fram i Frankrike. Mens den anglo-amerikanske copyright dreidde seg om økonomiske rettar, voks det i Frankrike fram eit system basert på droit d'auteur, forfattaren sine rettar. Denne var klassifisert i dei to hovuddelane droits patrimoniaux (økonomiske rettar) og droits moraux, moralske eller ideelle rettar. I 1761 vart det slått fast at opphavsretten gjekk i arv, etter at Jean de La Fontaines arvingar gjekk til retten for å få kontroll over verka han etterlét seg. I 1777 slo to andre rettsavgjerder fast at forleggjarane sine rettar ikkje varte lenger enn i levetida til opphavsmannen.[4]

Rettsgrunnlaget til opphavsretten[endre | endre wikiteksten]

Bernkonvensjonen – internasjonale fellestrekk og forskjellar[endre | endre wikiteksten]

Den overordna rettskjelda på opphavsretten sitt område er den verdsomspennande Bernkonvensjonen[5] om vern av litterære og kunstnariske verk frå 1886. Dei aller fleste land er tilslutta denne konvensjonen, som knesett visse grunnleggjande prinsipp for nasjonalt rettsvern. Eit sentralt siktemål med konvensjonen var å hindre misbruk av åndsverk på tvers av landegrenser, noko som vart gjort mogeleg av at den nasjonale lovgivinga opphavleg berre verna nasjonale verk. Ved tilslutning til konvensjonen forplikta medlemslanda seg til å gje utanlandske verk den same vern som nasjonale verk, samtidig som det kom på plass minimumskrav til omfanget til vernet. Eit tredje sentrale prinsipp var det som nemnt først, nemleg at vernet oppstår i og med skapinga av verket, og ikkje krev noka registrering, markering eller andre formalitetar. Noreg slutta seg til konvensjonen allereie i 1886, Danmark kom til i 1903, Sverige i 1904 og Finland i 1928. Eit land som USA, som hadde krav til registrering som ein sentral del av lovverket, slutta seg derimot ikkje til før i 1989.

Bernkonvensjonen har hjelpt til å harmonisere regelverket på opphavsretten sitt område internasjonalt, særleg på den måten at dei to hovudretningane (tradisjonane) innan opphavsretten, den franske droit d'auteur og den anglo-amerikanske copyrighten, har nærma seg kvarandre. Desse to retningane hadde utvikla seg på ulik måte. Den franske retninga, som er gjeldande i mesteparten av Europa med unnatak av Storbritannia (kontinental rett), var basert på lovgiving, noko som resulterte i at dei opphavlege opphavsmennene vart gjevne eit utstrekt vern, òg utover dei rent økonomiske interessene – dei vart gjevne såkalla moralske eller ideelle rettar. I den anglo-amerikanske tradisjonen, som omfattar Storbritannia, USA, Australia og einskilde andre tidlegare britiske koloniar, var reglane derimot blitt til gjennom prejudikat frå domstolane. Her stod dei økonomiske rettane i fokus, mens dei ideelle rettane ikkje var inkluderte i vernet. Som følgje av dette fekk arbeidsgjevarane ei betre stilling, ved at dei fekk overført alle rettane til verket, utan å måtte ta omsyn til den umiddelbare skaparen av verket.

Etter innføringa av Bernkonvensjonen har dei ideelle rettane fått eit visst innpass òg i anglo-amerikansk rett. Ein forskjell som framleis eksisterer er likevel at ein innan anglo-amerikansk rett kan overføre òg dei ideelle rettane, noko som ikkje er mogeleg innan kontinental rett. Her kan ein likevel fråskrive seg desse i stor grad, slik at den reelle forskjellen ikkje blir stor. Ein annan forskjell er at mens den kontinentale rettstradisjonen føreskriv at opphavsretten alltid oppstår hos den originale opphavsmannen (han som skaper verket), er ikkje dette like absolutt i den anglo-amerikanske tradisjonen. Her er reglane slik at opphavsretten til verk som blir skapt i ein arbeidssituasjon ofte vil høyre til arbeidsgjevar (såkalla «work for hire»). Heller ikkje her er forskjellen veldig stor, ettersom land innan kontinental tradisjon har reglar som gjer at opphavsretten i slike situasjonar ofte vil gå over til arbeidsgjevar automatisk. Dei ideelle rettane vil rett nok her bli verande hos arbeidstakaren i større grad.

Det er viktig å vere merksam på at sjølv om dei fleste land i verda er tilslutta Bernkonvensjonen, betyr ikkje dette at omfanget av vernet er det same i alle land. Den viktigaste plikta konvensjonen medførte var som sagt å handsame alle verk likt uavhengig av nasjonalitet, og dei minimusmbetingelsane som vart stilt til vernet i det einskilde landet fekk liten aktualitet i dei fleste vestlege land ettersom vernet her allereie var minst like omfattande. Konvensjonen hindrar for eksempel ikkje at krava til verkshøgd varierer ein del frå land til land. Krava som blir stilte er såleis allment noko strengare i Tyskland og dei nordiske landa, enn dei er i land som Storbritannia og USA, samt andre land på det europeiske kontinentet. At eit verk oppstår åndsverkstatus i f.eks. Spania er såleis ikkje nokon garanti for at verket vil vere verna i Noreg.

I tillegg til Bernkonvensjonen finst det òg anna opphavsrettsleg regulering på internasjonalt nivå som er relevant. Først og fremst gjeld dette EU sitt Infosoc-direktiv om opphavsrett, som er bindande òg for EFTA-landa gjennom EØS-avtalen. Ein annan viktig konvensjon er WIPO Copyright Treaty[6], utarbeidde av FN-organisasjonen WIPO Denne konvensjonen utfyller Bernkonvensjonen, og stiller til på nokre område strengare krav enn det Bernkonvensjonen gjer.

Nasjonalt lovverk[endre | endre wikiteksten]

Dei nærmare reglane om opphavsrett vil altså variere frå land til land, og må finnast i dei einskilde statane sitt lovverk. I Noreg blir opphavsrett regulert gjennom lov av 12. mai 1961 om opphavsrett til åndsverk m.v.[7] (Åndsverklova eller Opphavsrettloven), forkorta åvl. Lova vart skapt gjennom eit samarbeid med dei andre skandinaviske land, og det er derfor stor grad av rettslikskap mellom norsk, svensk og dansk rett. Lova har blitt revidert fleire gonger, seinast i 2005, då for å harmonisere norsk lov med det tidlegare nemnde EU-direktivet.

Oversikt over Åndsverkloven[endre | endre wikiteksten]

Hovudregelen i åndsverklova er at skaparen av verket har einerett til å rå over det (åvl. § 2). Dette vil seie at opphavsmannen har einerett til eksemplarframstelling og einerett til å gjere verket tilgjengeleg for allmenta. Nærmare føresegner som regulerer dette finst i lova sitt kapittel 1. Lova inneheld vidare ei gruppe med reglar som avgrensar og spesifiserer nærmare opphavsmannen sine rettar, dei såkalla lånereglane (kapittel 2), reglar om overføring av opphavsrett (kapittel 3), vernetid og sanksjonar ved krenking av opphavsretten (sjå nærmare om dette nedanfor). Lova inneheld i tillegg visse særlege reglar, sjå nærmare kapittel 6.

I tillegg til eigentleg opphavsrett regulerer Åndsverkloven dessutan dei nærståande rettane, sjå lova sitt kapittel 5. Dette er rettar som ligg nært opp til opphavsrett i art, og som er omfatta av delar av det same vernet. Eksempel på kreasjonar som er underlagt vern etter kapittel 5 er mellom anna utøvande kunstnarar sine framføringar, databasar, fotografiske bilete som ikkje er åndsverk og lydopptak.

Arten og omfanga av opphavsrettvernet[endre | endre wikiteksten]

Krav til åndsverkstatus[endre | endre wikiteksten]

Åndverkloven § 1 gjev eksempel på 13 former for verk som kan ha opphavsrett:

  • skrifter av alle slag
  • munnlege foredrag
  • sceneverk, så vel dramatiske og musikkdramatiske som koreografiske verk og pantomimar, samt høyrespel
  • musikkverk, med eller utan tekst
  • filmverk,
  • fotografiske verk
  • måleri, teikningar, grafikk og liknande biletkunst
  • skulptur av alle slag
  • bygningskunst, så vel teikningar og modellar som sjølve byggverket
  • biletvev og gjenstandar av kunsthandverk og kunstindustri så vel førebiletet som sjølve verket
  • kart, samt teikningar og grafiske og plastiske bilete av vitskapleg eller teknisk art
  • datamaskinprogram,
  • omsettingar og omarbeiding av verk som er nemnte framom

Denne lista inneheld dei viktigaste typane av åndsverk, men er ikkje meint å vere uttømmande. Òg andre tilverkingar kan altså oppnå åndsverkstatus så sant dei fell innanfor ein av kategoriane litteratur, vitskap eller kunst. Desse omgrepa må forståast i noko vidare forstand her enn det som elles er vanleg. For eksempel vil både filmar og datamaskinprogram falle inn under kategorien litterære verk. På den anna side er kategorien vitskaplege verk eigentleg unødvendige, ettersom det som kan karakteriserast som vitskaplege tilverkingar uansett ville fall inn under litteratur-kategorien.

At noko er «tilverka» inneber at det må ha forlate opphavsmannen sitt hovud, og kome til uttrykk for omverda. Reine idear eller tankar somme sit inne med kan ikkje oppnå rettsvern. At verket er endeleg skissert (nedskrive, teke opp på band e.l.) er derimot ikkje noko vilkår. Eit dikt som blir improvisert av forfattaren under ei høgtlesing kan vere eit åndsverk, og ein tilskodar som skriv ned diktet vil dermed ikkje kunne utnytte det på noko måte som er i strid med forfattaren sine rettar.

Kravet om at tilverkinga må vere litterær, vitskapleg eller kunstnarisk skaper sjeldan vanskar i praksis. Det sentrale er at tilverkinga har verkshøgd, det vil seie at tilverkaren må ha utført ein individuell, skapande åndsinnsats. Kor store krav som blir stilte er vanskeleg å seie noko generelt om, men det må i det minste krevjast noko meir enn eit reint rutinearbeid. I visse situasjonar vil det såkalla dobbeltilverkingsynpunktet kunne gje rettleiing. Dette inneber at dersom det er eit reelt høve for at to personar, uavhengig av kvarandre, framstiller ein lik prestasjon, taler dette sterkt imot at innsatsen er tilstrekkeleg original. Opphavsretten vernar subjektive, og ikkje som innan patentretten objektive, nyheiter. Dersom det skjer ei dobbelttilverking vil begge opphavsmennene derfor i prinsippet kunne få vern. Ei konkret heilskapleg vurdering vil i siste omgang vere avgjerande.

Dersom det kan leggjast til grunn at det som blir skapt har verkshøgde, får opphavsmannen ein serie rettar, som vanlegvis blir delte inn i dei økonomiske og dei ideelle rettane.

Økonomiske rettar[endre | endre wikiteksten]

Dei økonomiske rettane er regulerte i Åndsverkloven § 2. Det heiter her at opphavsretten gjev «einerett til å rå over åndsverket ved å framstille varig eller mellombels eksemplar av det og ved å gjere det tilgjengeleg for publikumet, i opphavleg eller endra person, i omsetting eller tilverking, i annan litteratur- eller kunstart eller i annan teknikk.»

Dei økonomiske rettane består altså av to hovuddelar, nemleg retten til eksemplarframstelling og retten til å gjere verket tilgjengeleg for allmenta. Eineretten til eksemplarframstelling inneber at opphavsmannen har einerett til å utgje eksemplar av verket. Dette gjeld i utgangspunktet òg innanfor det private området, men dette blir modifisert av regelen om eksemplarframstelling til privat bruk, sjå nærmare Åndsverkloven § 12.

Det andre leddet i paragrafen inneber ein definisjon av kva det vil seie at verket blir gjort tilgjengeleg for allmenta. Dette er tilfellet ved eksemplarspreiing blant allmenta (bokstav a), ved offentleg vising (bokstav b) og offentleg framføring (bokstav c). Forskjellen på dei to siste alternativa er at vising er ei utstilling av fysiske verkseksemplar der det ikkje blir gjort bruk av tekniske hjelpemiddel, mens der det blir bruk gjort av tekniske hjelpemiddel vil dette falle inn under omgrep «framføring». For alle alternativa er det eit vilkår for einerett at tilgjengeleggjeringa skjer blant «allmenta». Dette omgrep er motsatsen til omgrep «privat bruk» i § 12, og må vurderast skjønnsmessig. Som hovudregel kan det seiast at der verket i prinsippet blir gjort tilgjengeleg for ein uavgrensa krins menneske vil grensa vere overskride slik at ein er innanfor opphavsmannen sin einerett. Dette gjeld òg sjølv om krinsen som faktisk gjer seg kjent med verket i praksis er avgrensa, på grunn av manglande publisitet eller liknande. Dersom eit opphavsrettsverna verk for eksempel blir lagt fritt ut på internett vil dette innebere at det er tilgjengeleggjort for allmenta, sjølv om det berre er eit fåtal personar som har kjennskap til den aktuelle URL-adressa. Dersom ein derimot stenger tilgangen til sida med eit passord, og berre gjev ein innskrenka krins tilgang på dette passordet vil ein etter omstenda kunne seie at ein er innanfor det private området og dermed utanfor opphavsmannen sin einerett. Det er noko uklåre grensar for kor mange personar som kan vere involverte, og kva kjennskapstilhøve desse må ha seg mellom, før ein kan seie at ein er utanfor det private området og såleis omfatta av regelen i § 2 anna ledd, men det er ein del høgsterettspraksis som seier noko om grensa. Blant dei mest vesentlege domane er Rt. 1929 s. 337 (kinematograf), Rt. 1953 s. 633 (bedriftsmusikk), Rt. 1964 s. 782 (jukeboks), Rt. 1970 s. 1172 (diskotek) og Rt. 1995 s. 35 (piratproduserte smartkort).

Ideelle rettar[endre | endre wikiteksten]

Dei ideelle rettane er definerte i § 3, og består av to delar: namneretten og respektretten. Namneretten går ut på at opphavsmannen har krav på å bli namngjeve «slik god skikk tilseier» på eksemplar av verket, samt når verket blir gjort tilgjengeleg for allmenta (sjå det første ledda til paragrafen). Respektretten går ut på at dersom andre endrar eller offentleggjer verket må dette ikkje skje på ein måte som er krenkande for opphavsmannen eller vørdnaden til verket (sjå andre ledd). Verket kan for eksempel ikkje settast inn i ein kontekst som er eigna til å skade omdømmet til opphavsmannen, som å bruke eit musikkverk som ledd i rasistisk propaganda. Dei ideelle rettane kan opphavsmannen berre seie frå seg i avgrensa utstrekning, sjå tredje ledd. Fjerde ledd gjev nærmare reglar om kva opphavsmannen kan gjere dersom han likevel har gjeve samtykke til krenkande bruk. I slike tilfelle kan han krevje at det blir presisert at endringane ikkje skriv seg frå han.

Verk unnateke frå opphavsrett[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste land har reglar om unntak frå opphavsrett for visse offentlege dokument, ettersom det er ønskjeleg at desse skal kunne vere fritt tilgjengelege for allmenta. I Noreg finst føresegner om dette i Åndsverkloven § 9, som fastsett at «Lover, forskrifter, rettsavgjerder og andre vedtak av offentleg styresmakt er utan vern etter denne lova. Det same gjeld forslag, utgreiingar og andre utsegner som gjeld offentleg maktutøving, og er laga av offentleg styresmakt, offentleg vald råd eller utval, eller utgjeve av det offentlege. Likeins er offisielle omsettingar av slike tekstar utan vern etter denne lova». Lover, forskrifter, dommar, forvaltningsvedtak, og tilverkingar som blir til i samband med utarbeidinga av slike dokument er altså unnateke vern. I den siste gruppa fell blant anna odelstingsproposisjonar og andre lovforarbeid, samt notat og rapportar utarbeidde i samanheng med offentlege vedtak. Offentlege dokument utarbeidde av internasjonale organisasjonar vil òg vere omfatta av føresegna.

Andre ledd gjer unnatak for «lyrikk, musikkverk eller kunstverk», som altså nyt opphavsrettvern på vanleg måte sjølv om dei er teke inn i eit offentleg dokument (f.eks. som illustrasjon på omslaget av ein rapport eller liknande). Òg verk som ikkje er frambringa særskild med sikte på det offentlege dokumentet fell utanfor regelen i § 9.

Endringar, omarbeidde og nye sjølvstendige verk[endre | endre wikiteksten]

Som det går fram av sitatet frå Åndsverkloven § 2 ovanfor gjev opphavsretten opphavsmannen visse einerettar til verket sitt, ikkje berre i verket si opphavleg form, men òg i «endret skikkelse» og i «bearbeidelse». Òg «oversettelse» er nemnt som om det var ein eigen kategori, men her er lovteksten misvisande, ettersom omsetting rettsleg sett blir rekna som ei tilverking. Dersom ein har brukt det opphavlege verket som basis for eit nytt sjølvstendig verk, kan opphavsmannen til det gamle verket derimot ikkje gjere nokon rett gjeldande i tilhøve til det nye verket, jf. åvl. § 4 første ledd. I følgje andre ledd vil den som har omarbeidd eit åndsverk ha opphavsrett til verket i omarbeidd form, men denne kan ikkje utnyttast utan samtykke frå opphavsmannen til det opphavlege verket. Utnytting av det omarbeidde verket krev altså samtykke frå både omarbeidaren og den opphavlege opphavsmannen. Der det berre ligg føre ei endring, vil derimot ikkje vedkomande som har utført endringa få nokre rettar til verket. Det blir på denne bakgrunnen viktig å avgjere når det ligg føre ei endring, når det ei omarbeiding og når ein har å gjere med nye og sjølvstendige verk.

Når det gjeld skiljet mellom endring og omarbeiding, vil dette avgjerast av om den endringsinnsatsen som er gjort har verkshøgde. Er dette tilfellet vil ein ha å gjere med ei omarbeiding, og desse medføra som nemnt ovanfor at ein får opphavsrett til det omarbeidde verket, som er avhengig av opphavsretten til det opphavlege verket. I motsette tilfelle vil det vere snakk om ei endring, og i slike tilfelle vil den opphavlege opphavsmannen behalde alle rettar til verket, òg i den endra forma.

Når det gjeld skiljet mellom omarbeidingar og nye sjølvstendige verk, er dette ei problemstilling som ofte oppstår i samband med ei plagiatvurdering, det vil seie i tilfelle der opphavsmannen til det opphavlege verket hevdar at det nye verket er ei rettsstridig omarbeiding av verken hans. Det sentrale spørsmålet i vurderinga vil vere kva element i det opphavlege verket som er verna av opphavsrett, og noko som som kan reknast som «frie element». Her vil dei same synspunkta kome inn som er nemnte i innleiinga av artikkelen, nemleg at det er den konkrete utforminga av verket som er verna, men derimot ikkje dei idene og teknikkane mv. som er nytta. Vurderinga av kvar skiljet går er vanskeleg, og er ikkje nærmare skildra i lova. Både juridisk og kunstnarisk innsikt vil vere av tyding når avveginga skal gjerast.[8]

Dei fleste land har reglar om unntak frå opphavsrett for visse offentlege dokument, ettersom det er ønskjeleg at desse skal kunne vere fritt tilgjengelege for allmenta. I Noreg finst føresegner om dette i Åndsverkloven § 9, som fastsett at «Lover, forskrifter, rettsavgjerder og andre vedtak av offentleg styresmakt er utan vern etter denne lova. Det same gjeld forslag, utgreiingar og andre utsegner som gjeld offentleg maktutøving, og er laga av offentleg styresmakt, offentleg valt råd eller utval, eller utgjeve av det offentlege. Likeins er offisielle omsettingar av slike tekstar utan vern etter denne lova». Lover, forskrifter, dommar, forvaltningsvedtak, og tilverkingar som blir til i samband med utarbeidinga av slike dokument er altså unnateke vern. I den siste gruppa fell blant anna odelstingsproposisjonar og andre lovforarbeid, samt notat og rapportar utarbeidde i samanheng med offentlege vedtak. Offentlege dokument utarbeidde av internasjonale organisasjonar vil òg vere omfatta av føresegna. Åndsverklova inneheld reglar for kva som skal gjelde dersom det er fleire opphavsmenn til same verk. Ein av situasjonane er skildra ovanfor, nemleg der det gjeld ei omarbeiding. Som nemnt kan opphavsretten i slike tilfelle berre utnyttast av begge/alle opphavsmennene i fellesskap. Det finst i tillegg tre andre praktiske former der der fleire kan ha opphavsretten; fellesverk, samansette verk og samleverk. For dei særlege reglane som gjeld om vernetida for slike verk, sjå avsnittet om vernetid nedanfor.

Fellesverk[endre | endre wikiteksten]

Måleriet Brudeferd i Hardanger av Tidemann og Gude er eit typisk døme på eit fellesverk.

Ånsdverkloven § 6 regulerer dei såkalla fellesverka, eller ekte samarbeidsverk som dei òg ofte blir omtalte som. Her har to eller fleire personar saman skapt verket ved kvar den sjølvstendige åndsinnsatsen sin. For at noko skal reknast som fellesverk er det dessutan eit vilkår at det einskilde bidraget ikkje kan skiljast ut utan at åndsverkstatusen (verkshøgda) til eit eller fleire av bidraga går tapt. Typiske fellesverk er verk med fleire opphavsmenn der det ikkje er mogeleg å få på det reine kven som har ytt kva. To forfattarar har f.eks. samarbeidd om ei bok, utan å oppgje kven som har skrive kva kapittel/avsnitt. Òg der ein har klårt for seg kven som har utført kva del kan det likevel vere eit fellesverk. Ulike verselinjer i ein song er f.eks. komponert av forskjellige låtskrivarar, men utan at desse kan delast opp i fleire delar som har sjølvstendig verkshøgd. Eit anna typisk eksempel på eit fellesverk er det kjende måleriet Brudeferd i Hardanger, der Adolph Tidemand måla sjølve brurefølgjet i båten, mens Hans Gude måla landskapet. Det er klårt nok at desse bidraga ikkje på ein forsvarleg måte kan skiljast frå kvarandre som to sjølvstendige verk.

At det er eit fellesverk har rettsverknader. For det første må begge/alle opphavsmennene samtykkje ved første offentleggjering, sjå § 6 andre ledd. Offentleggjering betyr det same som at verket blir gjort tilgjengeleg for allmenta (§ 8 første ledd), sjå nærmare om dette ovanfor. Alle må òg samtykkje dersom verket skal offentleggjerast på ein annan måte eller i ei anna form enn tidlegare. Første offentleggjering var f.eks. eit høyrespel, mens det no er snakk om ei sceneoppsetting. Der det er snakk om offentleggjering i same form som tidlegare kan likevel kvar og ein av opphavsmennene fastsette dette utan samtykke frå dei andre. Kvar av opphavsmennene kan påtale krenkingar av opphavsretten, sjå § 6 tredje ledd.

Samansette verk[endre | endre wikiteksten]

Samansette verk blir ofte omtalt som «uekte samarbeidsverk». Dette er verk som til liks med fellesverka utgjer ein heilskap, men der dei einskilde delane kan skiljast ut som to eller fleire sjølvstendige verk. For eksempel vil ofte eit musikkstykke og teksten til musikken kunne skiljast ut, særleg gjeld dette der musikk er laga for å passe til ein allereie eksisterande tekst, f.eks. eit dikt. Her vil opphavsmannen til dei einskilde delane fritt kunne utnytte denne, utan den samtykke frå den andre. Dersom sjølve det samansette verket skal utnyttast blir derimot naturleg nok kravt at begge eller alle er einige om dette. Reglane om samansette verk finst ikkje i Åndsverkloven, men følgjer av lovfesta rett.

Samleverk[endre | endre wikiteksten]

Samleverk er regulert i § 5, og oppstår der eit verk blir skapt ved å sette saman fleire allereie eksisterande verk. Typiske eksempel er aviser, og leksika; her vil redaktøren kunne ha sjølvstendig opphavsrett til avisa eller leksikonet. Denne opphavsretten gjev likevel ikkje i seg sjølv noko avkorting i opphavsretten til dei einskilde verka som samleverket består av. Ofte vil ein slik avkorting likevel følgje av avtale mellom partane, f.eks. slik at ein journalist blir nekta å publisere artikkelen sin andre stader enn i avisa. Dersom han likevel gjer dette vil det på den anna side berre vere eit kontraktsbrot, og ikkje eit opphavsrettbrot som kan medføre sanksjonar etter Åndsverkloven.

Lånereglane[endre | endre wikiteksten]

Lånereglane[9] er eit sett med reglar som avgrensar dei økonomiske rettane til opphavsmannen. Reglane gjev innanfor visse rammar rett til å bruke eit åndsverk utan samtykke frå opphavsmannen. At ordet «avgrensing» er brukt i staden for «unnatak» indikerer at reglane i opphavsrettane og lånereglane blir sett som ein heilskap og gjev uttrykk for ei vurdering mellom opphavsmannen og allmenta sine interesser. Lånereglane skal ikkje sjåast på som unnatak som i tvilstilfelle blir tolkainnskrenkande, slik hovudregelen er innan norsk rett.

Lånereglane er det nærmaste ein i norsk rett kjem reglane om «fair use», som gjeld i anglo-amerikansk rett. Sjølv om reglane ikkje er heile samanfallande, vil mange av dei prinsippa for når allmenta fritt kan utnytte eit verk etter «fair use»-regelen falle inn under lånereglane. Blant desse er sitatretten (åvl. § 22) og retten til privatkopiering (§ 12). Men «fair use» er mykje meir omfattande enn sitatretten og retten til privatkopiering i Noreg.

Fribruksrettar[endre | endre wikiteksten]

Sitatretten og privatkopieringsretten er to av dei såkalla fribruksrettane, som medfører at (delar av) åndsverk kan nyttast utan at opphavsmannen har krav på godtgjersle. Det finst òg andre slike fribruksrettar. Det finst mellom anna heimel for å framstille fotografi og kunst i forskingspublikasjonar[10], samt for eksemplarframstelling til bruk for funksjonshemma utan innhenting av førehandstillating (§ 17).

Lisensreglar[endre | endre wikiteksten]

Utover fribruksrettane består lånereglane av eit sett med såkalla lisensreglar. Det vil seie reglar som gjev rettar til spesielle interessegrupper mot at opphavsmennene får økonomisk vederlag. Lisensreglane blir delte opp i to grupper: avtalelisensar og tvangslisensar.

Avtalelisens[endre | endre wikiteksten]

Ved avtalelisensar blir det inngått ein avtale mellom dei som ønskjer å utnytte ein spesiell type verk og ein representativ organisasjon for opphavsmennene innan den aktuelle kategorien[11]. Dersom ein slik avtale blir inngått bind den òg opphavsmennene innan kategorien som ikkje er medlem av organisasjonen. Eit eksempel er lisens som følgje av avtale mellom ei kringkastingsverksemd og TONO om kringkasting av musikkverk, med heimel i §§ 32-34. Avtalelisensar inneber at den aktuelle organisasjonen mottek eit vederlag (som blir avtalt mellom partane) for kvar gong eit verk blir framførte (evt. for kvar eksemplarframstelling), slik at ein slepp å be om løyve ved kvart enkelt tilfelle. Vederlaget blir så fordelt av organisasjonen til dei opphavsmennene der som verk har blitt framført/eksemplarframstilt.

Tvangslisensar[endre | endre wikiteksten]

Tvangslisensar er lisensar som følgjer direkte av Åndsverksloven. Ettersom det her ikkje er noko avtaletilhøve, finst føresegnene om fastsetting av godtgjersle til opphavsmennene i lova sjølv. Denne kan krevje at Kulturdepartementet fastsett godtgjersla.(§ 35). Eksempel på tvangslisensar er reglar om framføring for funksjonshemma (§ 17a) og for offentleggjering av fotografiske verk i samband med vitskaplege tekstar (§ 23 anna ledd).

Overføring av opphavsrett[endre | endre wikiteksten]

Opphavsrett kan overførast, jf. Åndsverklova kapittel 3.[12] Dette er praktisk, ettersom opphavsmannen ofte ikkje klarer å utnytte det økonomiske potensialet i verket sitt fullt ut sjølv. Ved å overføre rettane sine til eit forlag, eit plateselskap, filmselskap eller liknande kan han sikre seg eit vederlag mot at andre overtek dei økonomiske rettane til verket. Det er viktig å presisere at det berre er dei økonomiske rettane som blir overførte; dei idelle rettane blir igjen hos den opphavlege opphavsmannen. Dette følgjer av åvl. § 39.

Overføring av opphavsrett kan skje heilt eller delvis. Opphavsmannen kan såleis velje å overføre for eksempel rett til å utgje eit visst mengd eksemplar av verket sitt. Ytterlegare eksemplarutgivingar må det då inngåast ny avtale om. Åvl. § 39a inneheld ein regel som går ut på at det som ikkje uttrykkeleg går fram av avtalen at er overført framleis ligg hos den opphavlege opphavsmannen. Denne regelen blir gjerne kalla spesialitetsprinsippa i opphavsretten, og er ein vern mot at nye utnyttingsmoglegheiter til verket som ikkje var teke i vurdering på avtaletidspunktet blir overført.

Når eit verk blir skapt i ein arbeidssituasjon er det ein ulovfesta regel som seier at opphavsretten i mangel av avvikande avtale automatisk går over på arbeidsgjevar så sant dette er naudsynt for at arbeidstilhøvet skal nå formålet, og skapinga av åndsverk er ein del av arbeidstakarsoppgåvene i arbeidstilhøvet. Eit typisk eksempel er notat og andre skriftlege arbeid som blir utarbeidt f.eks. av ein advokat eller ein offentleg tenestemann i jobbsamanheng. Er den skapande verksemda derimot noko arbeidstakaren driv med på si, utan at det er ein sentral del av arbeidsoppgåvene hans, vil opphavsrettighetene ikkje gå over på arbeidsgjevar. Når det gjeld dataprogram finst det ein eigen lovregel som regulerer overgang av opphavsretten til arbeidsgjevar i § 39g. Denne føresegna er eit resultat av eit av opphavsrettdirektiva frå EU, og er såleis gjeldande rett i heile EØS-området. Vanlegvis vil overgang av opphavsrett i arbeidstilhøve vere nærmare regulert i arbeidsavtalen.

Vernetid[endre | endre wikiteksten]

Etter Åndsverkloven §§ 40-41 stoppar vernetida for eit åndsverk 70 år etter utløpet av dødsåret til opphavsmannen. Ved fellesverk (§ 6) er det dødstidspunktet til lengstlevande av opphavsmennene som er utgangspunktet for denne perioden. For filmverk gjeld særlege reglar: Her kjem ikkje alle mogelege opphavsmenn i vurdering, men berre hovudregissøren, manusforfattaren, dialogforfattaren og komponisten av filmmusikken. Vernetida byrjar å springe etter utgangen av dødsåret til den lengstlevande av desse. Ved samansette verk går det derimot ei separat vernetid for dei einskilde delane. Der opphavsmannen er ukjent, stoppar opphavsretten 70 år etter første kjende offentleggjering av verket. Det er berre dei økonomiske rettane som fell bort. Dei ideelle rettane må framleis respekterast, noko som blant anna inneber at ein pliktar å namngje opphavsmannen ved tilgjengeleggjering.

Ulike land har forskjellig lengde på vernetida, men utgangspunktet etter Bern-konvensjonen er 50 år. Denne kan ikkje forkortast, men forlengast. Dette er gjort i EU, eit vedtak som òg er bindande for EFTA-landa (Noreg inkludert). Òg USA har sidan 1998 hatt ei vernetid på 70 år. Som følgje av Bern-konvensjonen vil likevel ikkje eit verk som er frå eit land med kortare vernetid (f.eks. 50 år) få denne forlenga i andre land der vernetida er lenger. Vernetida vil i slike tilfelle vere den kortaste perioden av det som gjeld i heimlandet til verket og det landet der opphavsretten blir gjort gjeldande. Dette er eit unnatak frå hovudregelen i konvensjonen om nasjonal handsaming (lik handsaming av innanlandske og utanlandske verk).

Vernetidfestingane har møtt kritikk fordi dei konsekvent blir harmoniserte oppover, aldri nedover. Dette gavnar rettshavarinteresser, ikkje allmenta. Det blir òg hevda at det ikkje fører til skaping av nye åndsverk at vernetida blir utvida til gunst for døde opphavspersonar. Dessutan kan klårgjering av kven som har rett til eit åndsverk når opphavsmannen er avdød vere vanskeleg og tidkrevjande, noko som fører til at kulturarv med lita kommersiell interesse ikkje blir tilgjengeleggjort og går i gløymsle. Eit eksempel på dette er gamle filmar, som er lagra på nitrat-baserte rullar. Desse løyser seg opp over tid, og sidan det er kan ofte vere såpass vanskeleg å klarere alle rettane til filmane må ein i praksis vente til eineretten går ut før ein restaurerer og digitaliserer dei. Innan den tida vil dei opphavlege filmrullane vere ubrukelege.[13]

Erstatning og straff[endre | endre wikiteksten]

Krenking av opphavsrett kan medføre erstatningsansvar og straffansvar. Dette følgjer av Åndsverkloven kapittel 7.[14]

Det som er straffbart er brot av føresegnene i første og andre kapittel av lova. Dette inkluderer dei økonomiske så vel som dei ideelle rettane. I tillegg fører brot av nokre spesielle føresegner til straff, sjå nærmare i lova. Skuldkravet er forsett eller aktløyse. Den normale strafferamma er bøter eller fengsel inntil 3 månader, men denne blir auka til 3 år dersom det e «særleg skjerpande tilhøve», og handlinga er forsettleg. Medverknad er straffbart.

Dersom ein bryt med nokre av føresegnene som er lista opp i § 54 er følgjer det vidare av § 55 at gjerningspersonen er erstatningsansvarleg etter alminnelege erstatningsreglar. Dette inneber for det første at skuldgraden som blir kravt er aktløyse. For det andre vil erstatningssumen bli utrekna i tråd med allmenne erstatningsutmålingsreglar, det vil seie at det er opphavsmannen sitt tap som skal dekkast. I saker som gjeld krenking av opphavsrett, for eksempel der nokon har tilgjengeleggjort eit åndsverk for allmenta utan opphavsmannen sitt samtykke, vil det ofte vere vanskeleg å rekne ut storleiken på dette tapetet. Retten må såleis utføre ei vurdering. I tillegg til det økonomiske tapet opphavsmannen har lidd vil han i visse tilfelle kunne få erstatning for ikkje-økonomisk tap, såkalla oppreisning. Vilkåret for dette er i så fall at den skuldige har utvist forsett eller grov aktløyse.

Eit eksempel på ei sak der erstatning vart tilkjent er Napster.no-saka[15], kjent frå media, der erstatningsummen vart utmålt til 100.000 kroner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lessig, Lawrence (2004). Free culture : how big media uses technology and the law to lock down culture and control creativity. New York: Penguin Press. s. 85-93. ISBN 1-59420-006-8. 
  2. USAs grunnlov, seksjon 8
  3. Lessig, side 133-134
  4. Latournerie, Anne (2001). «Petite histoire des batailles du droit d’auteur». Multitudes (5). 
  5. Någjeldande utgåve av Bernkonvensjonen
  6. WIPO Copyright Treaty, arkivert frå originalen 24. juni 2006, henta 3. januar 2008 
  7. Åndsverkloven hos Lovdata
  8. Norsk Lovkommentar (CD-Rom), arkivert frå originalen 12. oktober 2006, henta 3. januar 2008 
  9. Lånereglene finst i Åndsverkloven kapittel 2
  10. § 23 første ledd om rett til å gjengi kunstverk og fotografiske verk i tilslutning til teksten i «kritisk eller vitenskapelig fremstilling som ikke er av allmennopplysende karakter»
  11. (sjå nærmare om den generelle regelen i § 36)
  12. Åndsverkloven kapittel 3
  13. Lessig, side 224-225
  14. Åndsverkloven kapittel 7
  15. Kommentar ved professor Olav Torvund, arkivert frå originalen 21. februar 2006, henta 3. januar 2008